Hopp til hovedteksten
Blahval_Leif.N_350.jpg
Utskriftsvennlig versjon

Hval

Kval er eit marint pattedyr, og ein viktig komponent i det marine økosystemet i Sørishavet.

Kval delast inn i to hovedgrupper: Tannkval og bardekval. Tannkval har tenner og fangar til vanleg  blekksprut og fisk. Bardekval har bardar som nyttast til å sila plankton og stimfisk frå vatnet, og dei var særs tallrike i Sørishavet før den moderne kvalfangsten desimerte dei i det førre hundreåret. Det var særleg dei store bardekvalane blåkval og finnkval som vart fangsta.

I Sørishavet finst det no berre att eit par tusen av kvar av desse artane som før fangsten starta, talde om lag ein kvart million blåkval og ein halv million finnkval. Knølkval vart og hardt fangsta, men har hatt god tilvekst etter at fangsten slutta, og er no ikkje lenger truga.  Den internasjonale kvalfangstkommisjonen har i omlag 30 år drive forskingsverksemd i Sørishavet for å kunne rekne ut kor stor bestanden av vågekval  er, og i dei seinare åra også for å kunna forstå samanhengen mellom komponentane i dette økosystemet og kvifor ikkje bestandane av dei store bardekvalane har teke seg opp att etter at dei vart freda på 1960-talet.


Blåhvalen er en bardehval. Foto: Leif Nøttestad, Havforskningsinstituttet.


Knølhval. Foto: Kjell Arne Fagerheim, Havforskningsinstituttet.


Spermhval. Hver hale har et unikt mønster på samme måte som vi mennesker har unike fingeravtrykk. Forskerne fotografer halen til hvalen og bruker den til å identifisere hver enkelt hval. Foto: Kjell Arne Fagerheim, Havforskningsinstituttet.

Hva er et øksosystem?

Økosystem beskrives ofte i form av energioverføring mellom nivåer i næringskjeden. Men bak energioverføringen foregår det et spill på liv og død mellom rovdyr og byttedyr. Dette spillet der hvert enkelt individ prøver å gjøre det best mulig for seg selv i form av å spre sine gener, resulterer i det såkalte samspillet i naturen. Dette er et fascinerende samspill både å utforske og forvalte.

Les mer om økosystemet

Isutbredelse

Få daglige oppdateringer på isutbredelsen på "The cryosphere today".

Tokt til Antarktis

I forbindelse med Polaråret var "G.O. Sars" på tokt i Antarktis. Les mer om dette toktet.