Hopp til hovedteksten
Trålramme til forsøk
Reidskap brukt til å undersøka rømming av antarktisk krill gjennom trålmaskane. Buret er montert med ein vinkel relativt til trålbommen for å simulera at tråla smalnar av mot trålsekken, og ein ser videokamera i hus montert på venstre side av bommen. 
Utskriftsvennlig versjon

Rømming av antarktisk kril frå trål (NEAT, forskingsprosjekt – HAVKYST)

Dei pelagiske trålarane som deltek i fisket på antarktisk kril, bruker ulike trålsystem. Det er mange ukjende parametrar når det gjeld å anslå kor fangsteffektive dei er. 

I fisket i dag bruker dei fleste fartøy finmaska trålpanel, men enno finst det ingen retningslinjer for forma på garn eller trål som beskriv dei grunnleggjande utveljingskriteria for kril ved bruk av masker med varierande form og storleik. Betre anslag over kor mykje kril som rømmer eller døyr i trålen, vil vere grunnleggjande viktig for ei rasjonell forvalting av det antarktiske krilfisket. CCAMLR rår sterkt til at medlemmer som fiskar etter kril, undersøkjer korleis ulike typar fiskeutstyr verkar inn på rømmingsdøden. Dei seinare åra er Noreg blitt den nasjonen som fører i land mest antarktisk kril.

Dette er eit treårig prosjekt (2012–2015) finansiert av Noregs forskingsråd der vi skal utføre morfologibasert matematisk modellering (FISHSELECT) av kril med varierande kjønn og alder. FISHSELECT-metoden er tidlegare brukt for å beskrive og føreseie storleiksutval av fisk og andre krepsdyr. Metodikken skal brukast til å beskrive og føreseie utveljingsprosessen for antarktisk kril i slept fiskeutstyr og å føreseie dei grunnleggjande utveljingseffektane ulike nettingdesignar vil ha på krilpopulasjonar med ulik struktur.

Resultata skal brukast til å kvantifisere teoretisk fangsteffektivitet og rømmingsdød i ulike posar og å komme fram til ein konfigurasjon med ein maskestorleik og ei maskeform som er optimal med omsyn til å minimalisere rømmingsdød. Endeleg vil vi utarbeide designretningslinjer som beskriv dei grunnleggjande utvalseigenskapane for kril ved ulike maskestorleikar og maskeformer. Slik informasjon er verdifull både for forvaltarar og for næringa som haustar av ressursen.

Prosjektpartnarar

Havforskingsinstituttet
Danmarks Tekniske Universitet
Aker BioMarine ASA

Isutbredelse

Få daglige oppdateringer på isutbredelsen på "The cryosphere today".

Tokt til Antarktis

I forbindelse med Polaråret var "G.O. Sars" på tokt i Antarktis. Les mer om dette toktet.