Hopp til hovedteksten
Trål påvei inn
Foto: Kjartan Mæstd
Utskriftsvennlig versjon

Forskning og forvaltning i Antarktis

Dei seinare åra er Noreg blitt størst blant nasjonane som driv kommersielt fiske på krill i Antarktis. Noreg har såleis eit aukande ansvar for å sikre at fangsten er berekraftig med omsyn til kvotar og driftsmåtar og kva som gagnar økosystemet. 

Havforskingsinstituttet speler ei hovudrolle som leverandør av eit trygt vitskapleg fundament for krillforvaltinga, og vi bidreg med vitskapleg rammeverk, forsking og overvaking. Resultat i form av analysar, rapportering og evaluering blir presenterte i internasjonale forum.

Sidan 2011 har Havforskingsinstituttet i samarbeid med krilfiskenæringa kvart år gjennomført kartleggingar i Sørishavet for å overvake og forske på krill. Hovudmålet med kartleggingane er å følgje med på korleis krilen varierer i mengd og demografi i ein nøkkelregion for både fiskeri og landbaserte predatorar. Instituttet gjennomførte ein større feltinnsats i Sørishavet med «G.O. Sars» i 2008, og eit nytt stort feltarbeid med «G.O. Sars» skal gjennomførast i 2015/16.

Instituttet deltek kvart år i det arbeidet CCAMLR gjer for å sikre eit berekraftig krilfiske, og er aktivt med i internasjonale samarbeidstiltak for å vinne ny kunnskap og forbetre forvaltinga.

 

Isutbredelse

Få daglige oppdateringer på isutbredelsen på "The cryosphere today".

Tokt til Antarktis

I forbindelse med Polaråret var "G.O. Sars" på tokt i Antarktis. Les mer om dette toktet.