Hopp til hovedteksten
akustisk ekkogram
Utsnitt frå eit akustisk ekkogram som viser registreringar av krill fordelt på 20-140 m djup gjort nord for Sør-Orknøyane om bord på krillfiskefartøyet F/F ’Juvel’.
Utskriftsvennlig versjon

Krilldominert økosystemdynamikk i Scotiahavet (KRILL)

KRILL er eit prosjekt Havforskingsinstituttet har sett i gang med sikte på å utvikle eit vitskapleg fundament for betre observasjonsmetodar for krill i Antarktis. 

esultata skal leggjast fram for Kommisjonen for bevaring av levande marine ressursar i Antarktis (CCAMLR) og skal styrkje forvaltinga av dei sårbare økosystema i Sørishavet. Spesielt gjeld dette for krill, der Noreg er den viktigaste fiskerinasjonen. For å nå dei ambisiøse måla våre er vi avhengige av Norsk polarinstitutt og British Antarctic Surveys som vitskapelege partnarar, og av norske fiskefartøy til kartleggingsoperasjonar. Prosjektet tok til i 2013 og skal halde fram i tre år.

BAKGRUNN

Internasjonalt er ein bekymra for at lokale krillressursar kan bli utarma, og for at beitepotensialet for sårbare landbaserte toppredatorar (fuglar og pattedyr) skal bli redusert, noko også CCAMLR stadfester. Motivasjonen og ambisjonen til KRILL er å belyse desse spørsmåla både kvalitativt og kvantitativt i tilknyting til fiskeoperasjonar. Vi veit ikkje mykje om fordelingsdynamikken til krill. Store geografiske endringar skjer frå år til år, og ei botnrelatert fordeling er nyleg oppdaga. Det funksjonelle grunnlaget for dynamikken, mellom anna samanhengen med livssyklusen til krillen, er derimot ukjent. Ein interaksjon mellom havfysikk og krillfordeling er sannsynleg, men mekanismane er uklare. KRILL planlegg koordinert innsamling av data frå havfysikk og krillbiologi for å nærme seg eit svar på kva slags mekanismar som verkar.

Eit konsortium samansett av British Antarctic Survey (BAS), Norsk polarinstitutt (NPI) og Havforskingsinstituttet er etablert for å betre kompetansen og kapasiteten til å kaste lys over utfordringane som er beskrivne ovanfor. Endeleg har konsortiet til mål å vidareutvikle norsk kompetanse på området ved å gi opplæring til MSc-, PhD- og postdoktorkandidatar og dermed rekruttere unge forskarar.

METODAR OG RESULTAT

Prosjektet har seks arbeidspakkar (WP) med klare mål. WP1 skal kvantifisere regional førekomst av krill med multifrekvensakustikk. WP2 skal studere demografien i krillfangstane og evaluere fornyinga av populasjonen i relasjon til det biologiske og fysiske miljøet. Funna til WP1 og 3 skal førast vidare gjennom studiar av havfysikk observert ved hjelp av skipsinstrument, undervassplattformar og satellittsensorar med sikte på forbetra fysisk-biologiske koplingsmekanismar. I WP4 og 5 koplar vi akustisk observasjon av krillfordeling saman med predatorfordelingsmønster og diettsamansetnaden deira for å evaluere potensiell innverknad av kommersielt fiske i desse områda. Dette er ambisiøse og omfattande studiar som vil krevje samordna innsats frå alle partnarar. Resultata vil bli synkroniserte i WP6 med metodar som må bestemmast ut frå dei oppnådde resultata.

Den første feltperioden var i januar 2013. NorChiK-prosjektet utførte liknande kartleggingar i 2011 og 2013. Dette prosjektet er no ein del av KRILL-prosjektet.

Isutbredelse

Få daglige oppdateringer på isutbredelsen på "The cryosphere today".

Tokt til Antarktis

I forbindelse med Polaråret var "G.O. Sars" på tokt i Antarktis. Les mer om dette toktet.