Hopp til hovedteksten
Utskriftsvennlig versjon

Forvalting av krillfisket

Ifølgje premissane CCAMLR legg til grunn, skal krillfisket utførast på ein slik måte at landbaserte krillpredatorar (mellom anna selar og pingvinar) ikkje blir påverka av fisket på utilsikta vis eller i uforholdsmessig grad. 

I dag blir fisket i CCAMLR-områda 48.1–48.4 forvalta ut frå eit triggernivå som blir berekna som summen av historiske maksimumsfangstar i dei fire underområda 48.1–48.4. Når fangstane når den fastsette terskelen for eit underområde, blir fisket stengt. Triggernivået for dei fire underområda til saman er 620 000 tonn. For tida blir det fiska i tre av desse områda, 48.1–48.3, nær øyar der vatnet er relativt grunt og krillstimane er tette.

Krillkart

Den samla førekomsten i dei fire underområda blei undersøkt på grunnlag av ei felles internasjonal akustisk kartlegging utført av CCAMLR i 2000, og først anslått til 44 millionar tonn. Eit produkt av AKES-prosjektet var ein korrigert modell for å kalkulere biomasse ut frå akustiske registreringar, og dette medverka til at CCAMLR i 2010 rekalkulerte den samla biomassen til 60,3 millionar tonn. Den samla biomassen gav ein totalkvote (TAC) på 5,61 millionar tonn. I praksis har totalkvoten ingenting å seie for forvaltingsregimet i dag, men CCAMLR arbeider for eit forvaltingssystem som gir rom for å utvide fisket utover triggernivået i retning totalkvoten.

Isutbredelse

Få daglige oppdateringer på isutbredelsen på "The cryosphere today".

Tokt til Antarktis

I forbindelse med Polaråret var "G.O. Sars" på tokt i Antarktis. Les mer om dette toktet.