Hopp til hovedteksten
Antarktisk krill
Antarktisk krill (Euphausia superba)
Foto: Kjartan Mæstad
Utskriftsvennlig versjon

Det norsk-kinesiske krillprosjektet (NorChiK)

Etter MoU-møtet mellom Noreg og Kina i Shanghai i oktober 2010 var konklusjonen at forskarar frå dei to landa saman skulle undersøkje krillressursane i Sørishavet. Dette utløyste NorChiK-prosjektet, som undersøkte korleis dagens fiske kunne utvidast i samsvar med god fiske- og bevaringspraksis.

I dag er fisket avgrensa til eit triggernivå på 620 000 tonn som blir delt på dei fire fiskeområda 48.1–48.4. Fisket blir utført nær sokkelområda rundt øyane, der krillstimane er tette. Hovudtanken bak NorChiK-prosjektet er at det er behov for meir kunnskap om tilgangen på krill og om korleis predatoroverlappet fungerer, om fisket og forvaltinga av det skal utviklast vidare.

Under samlinga i CCAMLR-arbeidsgruppa for overvaking og forvalting av økosystem (WG-EMM) i juli 2010 tilbaud Aker Biomarine seg å stille krillfiskefartøyet «Saga Sea» til disposisjon til forskingsformål i fem døgn kvart år dei neste fem åra. Seinare gjekk Olympic inn i avtalen med fartøyet «Juvel». Havforskingsinstituttet og det kinesiske fiskeriforskingsinstituttet «Yellow Sea Fisheries Research Institute» (YSFRI) blei einige om å ta ansvar for den vitskaplege datainnsamlinga, og i CCAMLR blei det avtalt at det skulle utførast ei kartlegging rundt Sør-Orknøyane i det statistiske underområdet 48.2 kvart år. Målet med kartlegginga er å byggje opp ein tidsserie av mengde- og fordelingsmønster for krill knytt til topografien og hydrografien og til mengda, fordelinga og beiteaktiviteten til dei viktigaste krillpredatorane (pingvinar, flygefuglar, selar og kvalar) i området. Som ein del av langtidsplanen skal dataa analyserast saman med tidsseriedata frå andre underområde som andre nasjonar samlar inn. Kartleggingar er allereie utførte sørsomrane 2011, 2012 og 2013. NorChiK har vore med i KRILL-prosjektet sidan 2013.

Prosjektpartnar:

Yellow Sea Fisheries Research Institute (YSFRI), Kina

Isutbredelse

Få daglige oppdateringer på isutbredelsen på "The cryosphere today".

Tokt til Antarktis

I forbindelse med Polaråret var "G.O. Sars" på tokt i Antarktis. Les mer om dette toktet.