Hopp til hovedteksten
GOSarssurvey
Seilingslinjene frå AKES-toktet med F/F ’GO Sars’ i 2008. Første del gjekk frå Montevideo (Uruguay) til Cape Town (Sør-Afrika), andre del frå Cape Town til Walvis Bay (Namibia). Dei svarte boksane markerer Sør-Georgia og Bouvetøya kor ekstra innsats blei lagt ned.
Utskriftsvennlig versjon

Antarktiske krill- og økosystemstudiar (AKES)

Det tverrfaglege forskingsprosjektet AKES var det første bidraget frå Havforskingsinstituttet for å få fram ny kunnskap for ei betre krillforvalting.

Sjølv om det er gjort ein god del internasjonal forsking i Sørishavet dei seinare åra, har vi framleis store kunnskapshol når det gjeld marine økosystem i Antarktis generelt, og når det gjeld krill som økologisk og økonomisk nøkkelart spesielt. Hovudårsaka er dei enorme avstandane i området. Høge kostnader, komplisert logistikk og stort behov for spesialkompetanse gjer det krevjande å gjennomføre forskingstokt i desse farvatna.

Med eit omfattande forskingstokt i Sørishavet i 2008 – eit ledd i Det internasjonale polaråret –som viktigaste grunnlag fokuserte prosjektet på to forskingstema: for det første dei akustiske eigenskapane til antarktisk krill og makrellisfisk, og dernest populasjonsdemografien til krill og dei trofiske relasjonane mellom dei viktigaste pelagiske samfunna i det lite utforska området rundt Bouvetøya.

Mengda av krill i havet blir anslått på grunnlag av hydroakustikk, og eit prioritert arbeid i AKES var knytt til akustiske eigenskapar hos antarktisk krill. Slikt arbeid er vesentleg for å kunne gjere pålitelege bestandsoverslag. I AKES blei dette studert både frå ein teoretisk synsstad og i felten ved hjelp av spesialutstyr, mellom anna fortøyingar og ein nedsenkbar sonde.

AKES kryssa store havstykke både i nord–sør- og aust–vest-retning, og eit anna fokusområde for prosjektet var korleis oseanografien verka inn på fordeling, mengd og biologiske eigenskapar hos antarktisk krill og krillstimar.

Ein del av AKES-kartlegginga gjekk for seg i områda rundt Bouvetøya, som er lite utforska. Her blei det sett på ulike økosystemkomponentar som plankton, fisk og blekksprut. I tillegg blei fordeling og demografi hos krill beskrivne.

Isutbredelse

Få daglige oppdateringer på isutbredelsen på "The cryosphere today".

Tokt til Antarktis

I forbindelse med Polaråret var "G.O. Sars" på tokt i Antarktis. Les mer om dette toktet.