Hopp til hovedteksten
Fartoyakustikk
Utskriftsvennlig versjon

Akustisk kartlegging med trål

Akustisk kartlegging er den føretrekte måten for å berekna mengda av krill i ein bestand. Kjøtet og skalet på krillen har ein litt annan tettleik enn vatnet og reflekterer lyd som blir send ut frå ekkolodd. 

Ved å gjere akustiske registreringar i eit systematisk rutenett kan ein dermed anslå mengda av krill innafor eit gitt område. Avgjerande for eit godt akustisk overslag er at gjennomsnittleg reflektert lydenergi frå ein enkelt krill er kjend. Vanlegvis bruker ein analytiske modellar til å anslå gjennomsnittsekko ved hjelp av informasjon om den registrerte krillen, til dømes lengd, tettleikskontrast og symjeorientering. Det knyter seg nokså stor uvisse til slike modellar, og Havforskingsinstituttet har arbeidd mykje med å prøve å redusere denne uvissa.

Ved akustisk kartlegging med trål blir det normalt teke trålprøvar ved registreringar eller med visse faste intervall, og prøvane tener fleire formål. Dei gir viktig støtte til dei akustiske registreringane både fordi dei gir storleiksprøvar av dyra, og fordi dei gir direkte informasjon om kva artar som er registrerte. Trålprøvar gir dessutan verdifull biologisk informasjon, mellom anna om lokal artssamansetnad og demografi. I si årlege akustiske kartlegging med trål rundt Sør-Orknøyane bruker Havforskingsinstituttet ein spesialkonstruert krilltrål der heile nettet er svært finmaska – kvar maske er berre 4 mm.

 

Isutbredelse

Få daglige oppdateringer på isutbredelsen på "The cryosphere today".

Tokt til Antarktis

I forbindelse med Polaråret var "G.O. Sars" på tokt i Antarktis. Les mer om dette toktet.