Havforsuring
Havforskingsinstituttet har dei siste åra trappa opp forskinga på havforsuring. Instituttet overvakar karbonkjemien i norske havområder og undersøkjer korleis havforsuring påverkar marine organismar.
Det er viktig at Noreg satsar på overvaking, effektstudiar og modellering knytta til havforsuring. Havforskningsinstituttet vil spela ei sentral rolle i dette arbeidet. Instituttet har auka både bemanning og operasjonell kapasitet på laboratorium og fartøy for å møta behovet for kunnskap om effektane av havforsuring.
Forskingsstasjonen Matre
For å undersøkja kva biologiske effektar som følgjer når karbonkjemien i havet endrar seg, er det behov for å simulera dei vilkåra som er venta i framtida. Havforskingsinstituttet…
