Hopp til hovedteksten
Stort kamskjell
Utskriftsvennlig versjon

Kamskjell

Kamskjel har stor utbreiing og er ein ettertrakta matressurs. Skalet inneheld store mengder kalsium.

Stort kamskjel (Pecten maximus) lever frå Lofoten i nord til nordspissen av Afrika i sør.

Lever planktonisk

Som andre skjel startar kamskjela livet i havet som små, hårete, kulerunde larver på evig jakt etter føde. Dei er planktoniske dei første 4–5 vekene, og vert førde av kyststraumane heilt til dei vert tyngre og festar seg til overflater nærare botnen. Her strøymer fødepartiklar til yngelen, mens skalveksten er høgare enn nokosinne. Etter nokre månader, ved passande storleik, slepp dei seg laus og startar livet på havbotnen.

Den viktige skalstyrken

Larvene dannar sitt første skal av proteinforbindelsar berre eit par døgn etter at egget er befrukta. Etter ytterlegare eitt døgn startar proteinskallet å ta opp kalsiumkarbonat (kalsifisering) for å bli sterkare og halda på fasongen. Sidan skalet er det ytre skjelettet til larven, er den helt avhengig av nok skalstyrke til å symje, ete og motstå rovdyr.

Musklane er festa til innsida på skalet, og både symjinga og eteaktiviteten er avhengig av riktig fasong og rett styrke på skalet. Figur 1 og 2 i biletkarusellen viser fotografi av larver 1 og 2 dagar etter at egget er befrukta.

Undersøkjer skalmisdanning

Undersøkingar av larver av østers og blåskjel har vist at ved kraftig havforsuring (pH 7,4) vil skallet bli misdanna og larvene dø.

Havforskingsinstituttet sitt nye forsøkslaboratorium i Austevoll er lagt til rette for undersøkingar knytt til tidlege livsstadium og havforsuring. I desse fasilitetane skal mellom anna larver av kamskjel undersøkjast (figur 4 og 5).

Forskarane skal studera når misdanninga av skalet startar og om dette fører til døden for larvene. Skalet til larvene vert også farga for å sjå på sjølve kalsifiseringa (figur 3 i biletkarusellen).