Hopp til hovedteksten
Forsøkshall Matre
Frå forsøkshallen på Matre. I dei store kjeglene skjer innblandinga av CO2.
Utskriftsvennlig versjon

Havforsuring

Havforskingsinstituttet har dei siste åra trappa opp forskinga på havforsuring. Instituttet overvakar karbonkjemien i norske havområder og undersøkjer korleis havforsuring påverkar marine organismar.

Det er viktig at Noreg satsar på overvaking, effektstudiar og modellering knytta til havforsuring. Havforskningsinstituttet vil spela ei sentral rolle i dette arbeidet. Instituttet har auka både bemanning og operasjonell kapasitet på laboratorium og fartøy for å møta behovet for kunnskap om effektane av havforsuring.

Forskingsstasjonen Matre

For å undersøkja kva biologiske effektar som følgjer når karbonkjemien i havet endrar seg, er det behov for å simulera dei vilkåra som er venta i framtida. Havforskingsinstituttet har lang erfaring med eksperiment der ein til dømes endrar temperaturen og oksygeninnhaldet i vatnet. 

Havforskingsinstituttet sin forskingsstasjon i Matre er nyleg oppgradert. Stasjonen har blant verdas mest moderne system for eksperiment med marine organismar i store kar. Delar av dette anlegget har fått installert utstyr for CO2 -tilsetting og -kontroll. I Matre pågår forsøk med fisk og andre større dyr som til dømes hummar. 

Forskingsstasjonen Austevoll

På stasjonen i Austevoll er det bygt ein ny forsøkshall med 36 kar. Fire kontrollerte vatnkvalitetar kan tilførast kara. Fasilitetane vert brukte til forsøk med planktoniske organismar, til dømes alle stadium av raudåte og krill i tillegg til tidlege livsstadium av større dyr.

Kontrollsystema er konstruerte for å gje langsiktig stabilitet slik at forsøka kan gå over heile livssyklusen til dei aktuelle forsøksorganismane. 

Overvaking og nordområdeforsking

På oppdrag frå Klif har Havforskingsinstituttet byrja ei systematisk overvaking av havforsuringa i norske kyst- og havområde. Instituttet sine forskingsfartøy er utrusta med instrument til å måla CO2-innhaldet i sjøvatn.

Det er også gjort eit stort arbeid med å analysere historiske data frå Bjerknessenteret for klimaforskning.

Havforskingsinstituttet leiar flaggskipet for havforsuring og økosystemeffektar i nordlege farvatn på Framsenteret i Tromsø. Det vert særskildt satsa på prosessar knytta til Arktis og havisen og korleis havforsuring påverkar artar og økosystem.