Hopp til hovedteksten
Snabeluer

Snabeluer i Irmingerhavet

Denne snabelueren er ein eigen oseanisk og pelagisk bestand (sannsynlegvis samansett av to bestandar) og lever på 100–900 meters djup over eit botndjup på 1500–3000 meter. På grunn av sein kjønnsmodning og langsam vekst, er denne bestanden svært følsam overfor for sterk utnytting.

Fleire tokt dei siste åtte åra har vist at mengda av snabeluer i Irmingerhavet no berre er ca. 1/5 av førekomsten for ti år sidan. Endringane har vore mindre dei siste par åra.

Den offisielle fangststatistikken viser også ei rask, negativ utvikling med lågare fangstar og fangstratar. Det føreligg ikkje komplette bestandsutrekningar for snabelueren i Irmingerhavet. Difor er det knytt ekstra uvisse til bestandssituasjonen.

Toktresultat, nedgang i fangstratar i det kommersielle fisket og den raske reduksjonen…

les mer

Fakta om snabeluer i Irmingerhavet

Latinsk navn: Sebastes mentella
Andre norske namn:
Djuphavsuer, nebbuer
Familie: Scorpaenidae
Maks storleik: 50 cm og 1,3 kg
Levetid: Over 60 år
Leveområde: Irmingerhavet
Hovudgyteområde: Langs Reykjanesryggen
Gytetidspunkt: Mars–april
Føde: Dyreplankton først, sidan også liten blekksprut og fisk.
Predatorar: Sjøpattedyr
Særtrekk: Lever heile sitt vaksne og modne liv pelagisk i Irmingerhavet
 

Status, råd og fiskeri 2010

Det internasjonale havforskingsrådet ICES har endeleg konkludert med at det er to bestandar av pelagisk snabeluer i Irmingerhavet sørvest for Island og aust og sør for Grønland.


les mer

Kontaktpersoner

Kjell Nedreaas
55 23 86 71
99 53 85 49