Hopp til hovedteksten
Snabeluer
Utskriftsvennlig versjon

Snabeluer i Irmingerhavet

Denne snabelueren er ein eigen oseanisk og pelagisk bestand (sannsynlegvis samansett av to bestandar) og lever frå 100 til 900 meters djup over eit botndjup på 1500–3000 meter. På grunn av sein kjønnsmodning og langsam vekst, er denne bestanden svært følsam overfor for sterk utnytting.

Fleire tokt dei siste åtte åra har vist at mengda av snabeluer i Irmingerhavet no berre er ca. 1/5 av førekomsten for ti år sidan. Endringane har vore mindre dei siste par åra.

Den offisielle fangststatistikken viser også ei rask, negativ utvikling med lågare fangstar og fangstratar. Det føreligg ikkje komplette bestandsutrekningar for snabelueren i Irmingerhavet. Difor er det knytt ekstra uvisse til bestandssituasjonen.

Toktresultat, nedgang i fangstratar i det kommersielle fisket og den raske reduksjonen i fangstane tyder på ein raskare bestandsnedgang enn tidlegare rekna med. Det kan føre til at dette uerfi sket, slik vi har kjent det dei siste tjue åra, vil bli kraftig redusert med det første. Det er ei viss uro for at dagens forvalting, som baserer seg på at all pelagisk snabeluer i desse hav områda høyrer til ein og same be stand, ikkje tek omsyn til biologiske ulik skapar. Internasjonal usemje om år lege total kvotar aukar også risikoen for over beskatning.

Yngelen har sitt oppvektsområde på kontinentalsokkelen ved Grønland, og det er stort sett berre den kjønnsmodne delen av desse snabeluerbestandane som lever pelagisk ute i Irmingerhavet.

Fakta om snabeluer i Irmingerhavet

Latinsk navn: Sebastes mentella
Andre norske namn: Djuphavsuer, nebbuer
Familie: Scorpaenidae
Maks storleik: 50 cm og 1,3 kg
Levetid: Over 60 år
Leveområde: Irmingerhavet
Hovudgyteområde: Langs Reykjanesryggen
Gytetidspunkt: Mars–april
Føde: Dyreplankton først, sidan også liten blekksprut og fisk.
Predatorar: Sjøpattedyr
Særtrekk: Lever heile sitt vaksne og modne liv pelagisk i Irmingerhavet
 

Status, råd og fiskeri

Hovudsakleg basert på genetikk, men også feittsyrer og parasittfauna, har ICES konkludert med at det i Irmingerhavet sørvest for Island og aust og sør for Grønland er to bestandar av pelagisk snabeluer. Den eine bestanden lever hovudsakleg djupare enn 500 meter, og den andre, oseanisk snabeluer, grunnare enn 500 meter.


les mer

Kontaktpersoner

Kjell Nedreaas
995 38 549