Hopp til hovedteksten
Snabeluer

Snabeluer

Snabeluer større enn 47 cm blir sjeldan observert, og ein fisk på denne storleik kan vere 50–70 år gamal.

Snabeluer føder levande 4–6 mm yngel i mars–april. Veksten fram til kjønnsmoden storleik og alder er nokså lik vanleg uer.

Snabelueren går ikkje inn i Nordsjøen, men lever langs kontinentalskråninga mot Norskehavet på 400–600 meters djup frå Shetland og nordover til Andøya. Her finst det lite snabeluer mindre enn 28–30 cm. Nord for Andøya finst snabeluer også grunnare.

Barentshavet og Svalbard (også nord for Spitsbergen) er oppvekstområdet for arten. Yngleområdet strekkjer seg langs eggakanten frå…

les mer

Fakta om snabeluer

Latinsk navn: Sebastes mentella
Andre norske namn: Nebbuer, djuphavsuer
Familie: Scorpaenidae
Maks storleik: 47 cm og 1,3 kg
Levetid: Over 70 år
Leveområde: Barentshavet, Svalbard og kontinentalskråninga (400–600 m) mot Norskehavet sør til britisk sone. Føretek også næringsvandringar ut i det pelagiske Norskehavet (300–450 m)
Hovudgyteområde: Langs heile eggakanten frå britisk sone til Bjørnøya
Gytetidspunkt: Mars–april
Føde: Plankton viktigast dei første leveåra. Deretter større plankton og fisk
Særtrekk/artighet: Ueren ynglar, dvs. han “gyt” levande larvar

Utbredelseskart

Klikk for stort bilde

Status, råd og fiskeri 2012

Bestanden av snabeluer i Norskehavet og Barentshavet er vurdert som “under gjenoppbygging”. Dei einaste årsklassane som bidrar til gytebestanden i nemneverdig grad, er dei fødde før 1996.


les mer

Kontaktpersoner

Kjell Nedreaas
55 23 86 71
99 53 85 49