Hopp til hovedteksten
Polartorsk

Polartorsk

Polartorsken finst truleg i store deler av polhavet, i Barentshavet, ved Grønland og ved Canada. I Barentshavet har han mest tilhald ved Svalbard og i dei nordlege og austlege delane av havet. Om vinteren kan han òg treffast nærare norskekysten, og i Porsangerfjorden synest det vera ein eigen liten bestand.

Polartorsken er ein pelagisk eller semipelagisk fisk, dvs. at han lever i dei frie vassmassane, men er oftast fordelt ned mot botnen, gjerne i svært tette konsentrasjonar. Han livnærer seg av planktonorganismar, men har ikkje gjellegitter slik t.d. sildefiskar har, så større plankton utgjer mesteparten av føda. Polartorsken er sjølv viktig føde for andre fiskeetarar som torsk, sel, kval og sjøfugl, og utgjer saman med lodda ein viktig brikke i økosystemet i Barentshavet.
 

Vandring

Polartorsken finst…

les mer

Fakta om polartorsk

Latinsk navn: Boreogadus saida
Familie: Torskefamilien (Gadidae)
Maks størrelse: 25 cm og 100 gram
Levetid: Sjelden mer enn 5 år
Leveområde: Polare strøk
Hovedgyteområde: Sørøst i Barentshavet og øst av Svalbard
Gytetidspunkt: Desember–mars
Føde: Plankton
Særtrekk: Har “frostvæske” i kroppen som gjør at han kan oppholde seg i havvann med temperaturer ned mot frysepunktet, ca. -1,8ºC

Merket torsk

Les her for å se hva du må gjøre dersom du finner merket fisk. Kanskje får du finnerlønn?

Utbredelseskart

Klikk for stort bilde

Status, råd og fiskeri 2010

Polartorskbestanden i Barentshavet er for tida truleg omkring ein million tonn. Denne ressursen har ikkje vore fiska på av norske fiskarar sidan byrjinga av 1980-åra, og ikkje i nemnande grad sidan byrjinga av 1970-åra.


les mer

Kontaktpersoner

Sigurd Tjelmeland
55 23 84 21
95 74 60 21