Hopp til hovedteksten
Polartorsk
Utskriftsvennlig versjon

Polartorsk

Polartorsken finst truleg i store deler av polhavet, i Barentshavet, ved Grønland og ved Canada. I Barentshavet har han mest tilhald ved Svalbard og i dei nordlege og austlege delane av havet. Om vinteren kan han òg treffast nærare norskekysten, og i Porsangerfjorden synest det vera ein eigen liten bestand.

Polartorsken er ein pelagisk eller semipelagisk fisk, dvs. at han lever i dei frie vassmassane, men er oftast fordelt ned mot botnen, gjerne i svært tette konsentrasjonar. Han livnærer seg av planktonorganismar, men har ikkje gjellegitter slik t.d. sildefiskar har, så større plankton utgjer mesteparten av føda. Polartorsken er sjølv viktig føde for andre fiskeetarar som torsk, sel, kval og sjøfugl, og utgjer saman med lodda ein viktig brikke i økosystemet i Barentshavet.
 

Vandring

Polartorsken finst truleg i store deler av polhavet, i Barentshavet, ved Grønland og ved Canada. I Barentshavet har han mest tilhald ved Svalbard og i dei nordlege og austlege delane av havet. Om vinteren kan han òg treffast nærare norskekysten. I Porsangerfjorden synest det vera ein eigen liten bestand.

Særtrekk

Som namnet seier er polartorsken ein kaldtvassart, som trivst best nord for polarfronten. Han har “frostvæske” i kroppen og kan difor tola ekstremt kaldt vatn utan å frysa i hel.

Gyteområder

Gytinga føregår om vinteren under isen, først og fremst i den søraustlege delen av Barentshavet, men truleg òg aust av Svalbard. Det tek lang tid før dei frittfl ytande egga klekkar, men ut på sommaren og hausten er larvane spreidd over heile den austlege og nordlege delen av havet i tillegg til områda rundt Svalbard.

Den kjønnsmogne delen av bestanden beitar nord og aust for polarfronten, men samlar seg i oktober–november og vandrar sørover langs vestkysten av Novaja Semlja til dei viktigaste gytefelta i søraust.

Fiskeri

Polartorsken vert fiska medan han er konsentrert under gytevandringa sørover langs kysten av Novaja Semlja seinhaustes. I seinare år er det berre Russland som har fiska på bestanden, medan Noreg tok betydelege
fangstar på 1970-talet. Dette var eit notfiskeri, medan russarane fiskar utelukkande med flytetrål. Totalfangsten på byrjinga av 1970-talet kom opp i 350 000 tonn, og den norske delen 15–20 000 tonn.

Polartorskbestanden i Barentshavet er stor, truleg mellom 1,5 og 2 millionar tonn. Det har ikkje vore fiska på denne ressursen sidan byrjinga av 1980-åra. 

Fakta om polartorsk

Latinsk navn: Boreogadus saida
Familie: Torskefamilien (Gadidae)
Maks størrelse: 25 cm og 100 gram
Levetid: Sjelden mer enn 5 år
Leveområde: Polare strøk
Hovedgyteområde: Sørøst i Barentshavet og øst av Svalbard
Gytetidspunkt: Desember–mars
Føde: Plankton
Særtrekk: Har “frostvæske” i kroppen som gjør at han kan oppholde seg i havvann med temperaturer ned mot frysepunktet, ca. -1,8ºC

Merket torsk

Les her for å se hva du må gjøre dersom du finner merket fisk. Kanskje får du finnerlønn?

Utbredelseskart

Klikk for stort bilde

Status, råd og fiskeri 2012

Polartorskbestanden i Barentshavet vart hausten 2013 målt til 477 000 tonn. Dette er ein svak oppgang frå 2012. Denne ressursen har ikkje vore fiska på av norske fiskarar sidan byrjinga av 1980-åra, og ikkje i nemnande grad sidan byrjinga av 1970-åra.


les mer

Kontaktpersoner

Sigurd Tjelmeland
55 23 84 21