Totalkvoten for 2008 var 430 000 tonn. Total internasjonal fangst var 464 000 tonn, inkludert eit overslag for urapportert fiske på 15 000 tonn. Norsk fangst utgjorde 197 000 tonn i 2008. Fisket i 2008 vert rekna som berekraftig.
Andre fangstnasjonar er i rangert rekkefølgje: Russland, Færøyane, Spania, Storbritannia, Island, Grønland, Tyskland, Portugal, Frankrike, Polen, Kviterussland og Irland.
Om lag 70 prosent av årsfangsten blir tatt med botntrål. Resten blir fiska med garn, line, snurrevad og juksa.
Ein stadig større del av den gytemodne torsken (skrei) vert fiska nord for det tradisjonelle hovudgyteområdet i Lofoten. Mykje skrei er tatt langs kysten nordover frå Lofoten til Sørøya (eit tradisjonelt gyteområde) og også på kysten av Vest-Finnmark.Fenomenet er ikkje nytt; også i perioden 1930–1950 var det ei nordleg gyting. Dette veit vi frå fangststatistikkar (leveransar av rogn og torsk fordelt på område langs kysten). I perioden 1930–1950 var det varmare enn normalt i havet, slik det også er i dag, og dette trur vi er ein av hovudgrunnane til at gyteområda har flytta seg nordover.


