Nordaustarktisk torsk (skrei)
Torsk er ein rovfisk tilknytt botnen, men i Barentshavet kan han i delar av året opphalde seg mykje i dei frie vassmassane. Ungfisk (0–2 år) et mykje dyreplankton, medan fisk og botnorganismar er viktigast for den eldre torsken.
Dei viktigaste gytefelta for nordaustarktisk torsk er i Vesterålen/Lofoten. Egga blir gytt i frie vassmassar i februar–april. Både egg og larvar driv med straumen inn i Barentshavet, og yngelen botnslår seg der seint på hausten. Mesteparten av bestanden finn ein i Barentshavet, på den varme sida av Polarfronten (til ca. 76°N og 50°A). I varme år går utbreiinga lenger nord og aust. Såleis fann ein hausten 2007 torsk heilt nord til 81°N (nord for Svalbard) og aust til 56°A (ved sørspissen av Novaja Semlja).


