Hopp til hovedteksten
Torsk
Utskriftsvennlig versjon

Nordaustarktisk torsk (skrei)

Torsk er ein rovfisk tilknytt botnen, men i Barentshavet kan han i delar av året opphalde seg mykje i dei frie vassmassane. Ungfisk (0–2 år) et mykje dyreplankton, medan fisk og botnorganismar er viktigast for den eldre torsken.

Dei viktigaste gytefelta for nordaustarktisk torsk er i Vesterålen/Lofoten. Egga blir gytt i frie vassmassar i februar–april. Både egg og larvar driv med straumen inn i Barentshavet, og yngelen botnslår seg der seint på hausten. Mesteparten av bestanden finn ein i Barentshavet, på den varme sida av Polarfronten (til ca. 76°N og 50°A). I varme år går utbreiinga lenger nord og aust. Såleis fann ein hausten 2007 torsk heilt nord til 81°N (nord for Svalbard) og aust til 56°A (ved sørspissen av Novaja Semlja).

Den nordaustarktiske torsken er den største torskebestanden i verda. Andre havbestandar av torsk finst ved Island, Færøyane, i Austersjøen, Nordsjøen og Irskesjøen, vest av Skottland og i områda ved Georges Bank- og Newfoundland i Nordvest-Atlanteren. I tillegg finst det lokale kyst- og fjordbestandar langs kysten av Noreg, Sør-Grønland og Canada.

Fakta om nordaustarktisk torsk (skrei)

Latinsk namn: Gadus morhua
Andre norske namn: Skrei, jedd, jadd, bruning
Familie: Torskefamilien
Maks storleik: 130 cm og 40 kg
Utbreiing: Den varme sida av Polarfronten i Barentshavet
Hovudgyteområde: Lofoten/Vesterålen
Gytetidspunkt: Februar–april
Føde: Fisk

Mer informasjon

Kart over operasjonelle larvefordelinger for torsk:

Utbredelseskart

Klikk for stort bilde

Merket torsk

Les her for å se hva du må gjøre dersom du finner merket fisk. Kanskje får du finnerlønn?

Kontaktpersoner

Bjarte Bogstad
55 23 86 81