Hopp til hovedteksten
Gråsteinbit
Utskriftsvennlig versjon

Gråsteinbit

Gråsteinbiten er mykje meir stasjonær enn dei to andre steinbitartane. I tillegg er han meir kystnær og lever på grunnare vatn. Steinbiten har ein sesongmessig beitesyklus. Frå oktober til mai skifter dei ut tennene og sluttar då å beite.

Gråsteinbiten fornyar tennene kvart år, og utskifting av tenner og gyting føregår gjerne tidleg i perioden. Den reproduksjonsmessige syklusen ser ut til å vare over to år. Gytinga føregår over fleire månader frå vår til haust. Nokre modne individ hoppar gjerne over ein gyteperiode.

Gyteområda til gråsteinbiten ligg nær kysten, i fjordar og vågar frå 50 til 150 meters djup. Egga til alle tre artane er store, 4–6 mm i diameter, og gonaden kan utgjere opptil 25–35 % av kroppsvekta. Alle egga modnar samtidig, og heile eggmassen blir klistra som ein ball til ein steinete sjøbotn. Hofisken modnart tidlegare og ved ein mindre storleik enn hannfisken. Ein har så langt ikkje klart å påvise rennande melke hos hannfisken, truleg på grunn av den korte perioden dette føregår.

Egga blir klekte etter 9–10 månader, og larvane flyt opp mot overflata og blir ført vidare med havstraumar til dei ved ein viss storleik søkjer ned mot botn igjen. Utbreiinga av ungfisk av dei ulike steinbitartane blir mellom anna påverka av kva djup eggmassen blir lagt i forhold til havstraumane.

Fakta om gråsteinbit

Latinsk navn:  Anarhichas lupus
Familie: Anarhichadidae
Maks storleik: 125 cm og 20 kg
Levetid: 20–25 år
Leveområde: Barentshavet, Norskekysten og Nordsjøen
Hovudgyteområde: Nær kysten, i fjordar og vågar på 50–150 meters djup
Føde: Pigghudar (kråkebollar), muslingar, sniglar og krabbar

Status, råd og fiskeri

Vi har tre steinbitartar i norske farvatn: gråsteinbit (Anarhichas lupus), flekksteinbit (A. minor) og blåsteinbit (A. denticulatus). Barentshavet er det viktigaste utbreiingsområdet for flekksteinbit og blåsteinbit, mens gråsteinbit har ei mykje vidare utbreiing langs heile norskekysten og i Nordsjøen.


les mer

Utbredelseskart

 

Klikk for stort bilde

Kontaktpersoner

Kjell Nedreaas
995 38 549