Hopp til hovedteksten
Gråsteinbit
Utskriftsvennlig versjon

Gråsteinbit

Vi har tre steinbitartar i norske farvatn: blåsteinbit (Anarhichas denticulatus), flekksteinbit (A. minor) og gråsteinbit (A. lupus). Barentshavet er det viktigaste utbreiingsområdet for flekksteinbit og blåsteinbit, mens gråsteinbit har ei mykje vidare utbreiing langs heile norskekysten og i Nordsjøen.

Gråsteinbiten er mykje meir stasjonær enn dei to andre steinbitartane. I tillegg er han meir kystnær og lever på grunnare vatn. I perioden oktober–mai skifter steinbiten ut tennene og sluttar då å beite. Gråsteinbiten fornyar tennene kvart år. Åtferdstudium tyder på at steinbiten parar seg og såleis har indre befruktning. Gytinga føregår over fleire månader, men mykje tyder på at kvar fisk gyt alt på ein gong (Kvalsund 1990). Gytetida er ulikt beskrive i litteraturen, bl.a. frå vår til haust, gjerne tidleg i perioden hos gråsteinbit. I fangenskap gytte gråsteinbit frå desember til mars. Gyteområda til gråsteinbiten ligg nær kysten, i fjordar og vågar frå 50 til 150 meters djup.
 
Egga til alle tre artane er store, 4–6 mm i diameter, og gonaden kan utgjere opptil 25–35 % av kroppsvekta. Alle egga modnar samtidig, og heile eggmassen blir klistra som ein ball til ein steinete sjøbotn. Hofisken modnar tidlegare og ved ein mindre storleik enn hannfisken. Så langt har ein ikkje klart å påvise rennande mjølke hos hannfisken, truleg på grunn av den korte perioden dette føregår.
 
Egga blir klekte etter 9–10 månader, og larvane flyt opp mot overflata og blir ført vidare med havstraumar til dei ved ein viss storleik søkjer ned mot botn igjen. Utbreiinga av ungfisk av dei ulike steinbitartane blir mellom anna påverka av kva djup eggmassen blir lagt i forhold til havstraumane.

Fakta om gråsteinbit

Latinsk navn:  Anarhichas lupus
Familie: Anarhichadidae
Maks storleik: 125 cm og 20 kg
Levetid: 20–25 år
Leveområde: Barentshavet, Norskekysten og Nordsjøen
Hovudgyteområde: Nær kysten, i fjordar og vågar på 50–150 meters djup
Føde: Pigghudar (kråkebollar), muslingar, sniglar og krabbar