Hopp til hovedteksten
Flekksteinbit
Utskriftsvennlig versjon

Flekksteinbit

Flekksteinbit vandrar fleire hundre kilometer mellom gyte-, beite- og overvintringsområde. Flekksteinbiten lever på djupare vatn, der temperaturen og saltinnhaldet varierer mindre.

Steinbiten har ein sesongmessig beitesyklus. Frå oktober til mai skifter dei ut tennene og sluttar då å beite. Den reproduksjonsmessige syklusen ser ut til å vare over to år. Gytinga føregår over fleire månader frå vår til haust. Nokre modne individ hoppar gjerne over ein gyteperiode.

Dei viktigaste gytefelta til flekksteinbiten meiner ein er i den sørvestlege delen av Barentshavet, frå 300 til 400 meters djup, der Atlanterhavsstraumen delar seg i ei grein innover i Barentshavet og ei grein nordover mot Vest-Spitsbergen. Egga til alle tre artane er store, 4–6 mm, og gonaden kan utgjere opptil 25–35 % av kroppsvekta. Alle egga modnar samtidig, og heile eggmassen blir klistra som ein ball til ein steinete sjøbotn. Hofisken modnar tidlegare og ved ein mindre storleik enn hannfisken.

Så langt har ein ikkje klart å påvise rennande melke hos hannfisken, truleg på grunn av at dette berre føregår ein kort periode. Egga blir klekte etter 9–10 månader, og larvane flyt opp mot overflata og blir ført vidare med havstraumar til dei ved ein viss storleik søkjer ned mot botn igjen. Utbreiinga av ungfisk av dei ulike steinbitartane blir mellom anna påverka av kva djup eggmassen blir lagt i forhold til havstraumane.

Fakta om flekksteinbit

Latinsk namn:  Anarhichas minor
Familie: Anarhichadidae
Maks storleik: 180 cm og 26 kg
Levetid: 40 år
Leveområde: Barentshavet og spreidd sørover til Nordsjøen
Hovudgyteområde: Sørvestlege delen av Barentshavet på 300–400 meters djup
Føde: Pigghudar (kråkebollar og slangestjerner), sneglar og muslingar. Fisk som føde blir viktigare med auka alder.

Utbredelsesekart

Klikk for stort bilde

Kontaktpersoner

Kjell Nedreaas
995 38 549