Hopp til hovedteksten
Blåsteinbit
Utskriftsvennlig versjon

Blåsteinbit

Blåsteinbit vandrar fleire hundre kilometer mellom gyte-, beite- og overvintringsområde. Han lever på djupare vatn, der temperaturen og saltinnhaldet varierer mindre. Blåsteinbiten skil seg noko ut frå dei andre artane ved å ha eit meir pelagisk levevis gjennom heile livet.

Steinbiten har ein sesongmessig beitesyklus. Frå oktober til mai skifter dei ut tennene og sluttar då å beite. Hos blåsteinbiten føregår utskifting av tenner og gyting seint i perioden. Den reproduksjonsmessige syklusen ser ut til å vare over to år. Gytinga føregår over fleire månader frå vår til haust. Nokre modne individ hoppar gjerne over ein gyteperiode. Gytefelta til blåsteinbiten er langs kontinentalskråninga djupare enn 400 meter.

Egga til alle tre artane er store, 4–6 mm i diameter, og gonaden kan utgjere opptil 25–35 % av kroppsvekta. Alle egga modnar samtidig, og heile eggmassen blir klistra som ein ball til ein steinete sjøbotn. Hofisken modnar tidlegare og ved ein mindre storleik enn hannfisken. Så langt har ein ikkje klart å påvise rennande melke hos hannfisken, truleg på grunn av den korte perioden dette føregår.

Egga blir klekte etter 9–10 månader, og larvane flyt opp mot overflata og blir ført vidare med havstraumar til dei ved ein viss storleik søkjer ned mot botn igjen. Utbreiinga av ungfisk av dei ulike steinbitartane blir mellom anna påverka av kva djup eggmassen blir lagt i forhold til havstraumane.

Fakta om blåsteinbit

Latinsk namn: Anarhichas denticulatus
Familie: Anarhichadidae
Maks storleik: 138 cm og 32 kg
Levetid: 16 år
Leveområde: Barentshavet og spreidd i Norskehavet
Hovudgyteområde: Langs kontinentalskråninga djupare enn 400 meter
Føde: Pigghudar og muslingar, også fisk

Utbredelsesekart

Klikk for stort bilde

Status, råd og fiskeri

Det er tre artar av steinbit i norske farvatn: gråsteinbit (Anarhichas lupus), flekksteinbit (A. minor) og blåsteinbit (A. denticulatus). Det er først og fremst i Barentshavet at havforskarane har oversikt over bestandsutviklinga til desse tre artane. Barentshavet er det viktigaste utbreiingsområdet for flekksteinbit og blåsteinbit, mens gråsteinbit har ei mykje vidare utbreiing langs heile norskekysten og i Nordsjøen.


les mer

Kontaktpersoner

Kjell Nedreaas
995 38 549