Nordsjøseien gyt i februar–mars på djup mellom 150 og 200 meter frå vest av Shetland, Tampen og til Vikingbanken. Larvene driv først sørover langs vestkanten av Norskerenna, men blir så førde tvers over kyststraumen. Seiyngel finst for det meste på Vestlandet, men av og til dukkar yngelen opp langs Skagerrakkysten, særleg når det er gode årsklassar. Den første tida lever seien i fjæra, men trekk etter kvart ut på djupare vatn. Tidleg vår vandrar svolten ungsei ut frå kysten over Norskerenna til Nordsjøen. Her et seien framleis ein del krill, men augepål, sild og annan fisk vert meir òg meir viktig.
Første hausten er seien ca. 20 cm, og som treåring er den 35–40 cm. Seien blir kjønnsmoden fire til seks år gamal. Om vinteren er den kjønnsmodne seien konsentrert på gytefelta vest for Shetland og mellom Shetland, Tampen og Vikingbanken. Umoden sei er konsentrert langs vestkanten av Norskerenna, særleg omkring Statfjordfeltet og ved Egersundbanken og søraustover. Om sommaren finn vi sei over heile Nordsjøplatået nord for ca. 57°N. Ettersom det finst lite eitt og to år gammal sei i Nordsjøen, er bestanden langt mindre utsett for utkast av småfisk enn dei andre botnfiskartane i Nordsjøen. Sei er i hovudsak ein botnfisk, sjølv om den førekjem også i dei frie vassmassane. Stimar av ungsei kan ofte sjåast i dei øvre vasslaga inne ved kysten, mens eldre sei gjerne går djupare. Seien er ein atlanterhavsfisk.Vi finn bestandar i Nordsjøen, vest av Skottland, ved Færøyane, Island og langs norskekysten nord for 62°N. Sei kan førekoma så langt sør som til Biscaya. Det er også sei på austkysten av Nord-Amerika. Seien kan vandra mykje på jakt etter mat. Merkeforsøk har vist at det til tider er markant utveksling av fisk mellom dei forskjellige bestandane i det nordaustlege Atlanterhavet.


