Hovudføda for den yngste seien er raudåte, krill og andre pelagiske krepsdyr, medan eldre sei i aukande omfang også beiter på fisk som sild, brisling, kolmule, augepål og hyseyngel. Seien er ein utprega vandrefisk som dreg på nærings- og gytevandringar. Stor sei følgjer norsk vårgytande sild langt ut i Norskehavet, av og til heilt til Island og Færøyane. Dei viktigaste gytefelta i norske farvatn er Lofoten, Haltenbanken, bankane utanfor Møre og Romsdal og Tampen og Vikingbanken i Nordsjøen. Egg og larver blir førte nordover med straumen. Yngelen etablerer seg i strandsona langs kysten frå Vestlandet og nordover til søraustleg del av Barentshavet og vandrar ut på kystbankane som 2–4-åring. Sei finst berre i Nord-Atlanteren. I den vestlege delen er det ei lita stamme ved Newfoundland. Seien i det nordaustlege Atlanterhavet blir delt i seks bestandar med hovudområde vest av Irland, vest av Skottland, ved Færøyane, ved Island, i Nordsjøen og på norskekysten nord for Stad (62?N). Merkeforsøk viser at det er vandringar mellom bestandane. Frå norskekysten kan det vera omfattande utvandring av ungsei frå dei sørlege områda til Nordsjøen og av eldre fisk frå meir nordlege omrade til Island og Færøyane. Det er fa eksempel på innvandring av sei til norskekysten.
Nordaustarktisk sei
Sei har ein kraftig og muskuløs kropp, og er ein god symjar. Den er lett a kjenne på det svake underbitet og den rette sidelinja. Sei førekjem både pelagisk og som botnfisk, på 0–300 m djup. Den opptrer ofte i tette konsentrasjonar og står pelagisk der straumen konsentrerer byttedyra.
Fakta om sei
Latinsk namn: Pollachius virens
Andre norske namn: Kod, seikod,mort, palemort, grønspor, pale
Familie: Torskefamilien
Maks storleik: 20 kg og 130 cm
Levetid: Opptil 30 år
Leveområde: Langs norskekysten frå
Stad til Kolahalvøya
Hovudgyteområde: På kystbankane frå Lofoten til Nordsjøen
Gytetidspunkt: Om vinteren med topp i februar
Føde: Raudåte, krill og andre pelagiske krepsdyr, sild, brisling, kolmule, augepål og hyseyngel
Predatorar: Sel og kval
Særtrekk: Opptrer i tette konsentrasjonar, står ofte pelagisk der straumen konsentrerer byttedyra
Utbredelseskart


