Hopp til hovedteksten
Sei
Utskriftsvennlig versjon

Nordaustarktisk sei

Sei finst berre i Nord-Atlanteren. I den vestlege delen er det ei lita stamme på grensa mellom Canada og USA. Seien i det nordaustlege Atlanterhavet blir delt i seks bestandar med hovudområde vest av Irland, vest av Skottland, ved Færøyane, ved Island, i Nordsjøen og på Norskekysten nord for 62˚N.

Merkeforsøk viser at det er vandringar mellom bestandane. Frå Norskekysten kan det vera omfattande utvandring av ungsei frå dei sørlege områda til Nordsjøen og av eldre fisk frå meir nordlege område til Island og Færøyane. Det er få eksempel på innvandring av sei til Norskekysten.
 
Sei har ein kraftig og muskuløs kropp, og er ein god symjar. Han er lett å kjenne på det svake underbitet og den rette sidelinja. Sei førekjem både pelagisk og som botnfisk, frå 0 til 300 meters djup. Sei opptrer ofte i tette konsentrasjonar og står pelagisk der straumen konsentrerer byttedyra.
 
Hovudføda for den yngste seien er raudåte, krill og andre pelagiske krepsdyr, medan eldre sei i aukande omfang også beiter på sild, brisling, kolmule, augepål og hyseyngel. Seien er ein utprega vandrefisk som dreg på nærings- og gytevandringar. Stor sei følgjer norsk vårgytande sild langt ut i Norskehavet, av og til heilt til Island og Færøyane. 
 
Dei viktigaste gytefelta er frå vest av Shetland til Tampen, Vikingbanken, og bankane utanfor Møre og Romsdal, Helgeland, Lofoten og Vesterålen. Egg og larver blir førte med straumen og yngelen etablerer seg i strandsona langs kysten frå Vestlandet og nordover til søraustleg del av Barentshavet og vandrar ut i Nordsjøen og til kystbankane lenger nord som 2–4-åring.
 

Fakta om sei

Latinsk namn: Pollachius virens 
Andre norske namn: Kod, seikod,mort, palemort, grønspor, pale
Familie: Torskefamilien
Maks storleik: 20 kg og 130 cm
Levetid: Opptil 30 år
Leveområde: Langs norskekysten frå
Stad til Kolahalvøya
Hovudgyteområde: På kystbankane frå Lofoten til Nordsjøen
Gytetidspunkt: Om vinteren med topp i februar
Føde: Raudåte, krill og andre pelagiske krepsdyr, sild, brisling, kolmule, augepål og hyseyngel
Predatorar: Sel og kval
Særtrekk: Opptrer i tette konsentrasjonar, står ofte pelagisk der straumen konsentrerer byttedyra

Utbredelseskart

Klikk for stort bilde

Kontaktpersoner

Sigbjørn Mehl
902 71 678