Hopp til hovedteksten
Sei

Nordaustarktisk sei

Sei har ein kraftig og muskuløs kropp, og er ein god symjar. Den er lett a kjenne på det svake underbitet og den rette sidelinja. Sei førekjem både pelagisk og som botnfisk, på 0–300 m djup. Den opptrer ofte i tette konsentrasjonar og står pelagisk der straumen konsentrerer byttedyra.

Hovudføda for den yngste seien er raudåte, krill og andre pelagiske krepsdyr, medan eldre sei i aukande omfang også beiter på fisk som sild, brisling, kolmule, augepål og hyseyngel. Seien er ein utprega vandrefisk som dreg på nærings- og gytevandringar. Stor sei følgjer norsk vårgytande sild langt ut i Norskehavet, av og til heilt til Island og Færøyane. Dei viktigaste gytefelta i norske farvatn er Lofoten, Haltenbanken, bankane utanfor Møre og Romsdal og Tampen og Vikingbanken i Nordsjøen.…

les meir

Fakta om sei

Latinsk namn: Pollachius virens 
Andre norske namn: Kod, seikod,mort, palemort, grønspor, pale
Familie: Torskefamilien
Maks storleik: 20 kg og 130 cm
Levetid: Opptil 30 år
Leveområde: Langs norskekysten frå
Stad til Kolahalvøya
Hovudgyteområde: På kystbankane frå Lofoten til Nordsjøen
Gytetidspunkt: Om vinteren med topp i februar
Føde: Raudåte, krill og andre pelagiske krepsdyr, sild, brisling, kolmule, augepål og hyseyngel
Predatorar: Sel og kval
Særtrekk: Opptrer i tette konsentrasjonar, står ofte pelagisk der straumen konsentrerer byttedyra

Utbredelseskart

Klikk for stort bilde

Status, råd og fiskeri 2010

Seibestanden nord for 62°N var på eit historisk høgt nivå i 2000–2005, men det er sidan registrert ein bratt nedgang i både umoden bestand og gytebestand.


les mer