Hopp til hovedteksten
Polartorsk
Utskriftsvennlig versjon

Polartorsk

Polartorsk er ein pelagisk eller semipelagisk fisk, dvs. at han lever i dei frie vassmassane, men er oftast fordelt ned mot botnen, gjerne i svært tette konsentrasjonar. Han livnærer seg av planktonorganismar, men har ikkje gjellegitter slik til dømes sildefiskar har, så større plankton utgjer mesteparten av føda. Polartorsken er sjølv viktig føde for andre fiskeetarar som torsk, sel, kval og sjøfugl, og utgjer saman med lodda ein viktig brikke i økosystemet i Barentshavet.
 

Vandring

Polartorsken finst truleg i store deler av polhavet, i Barentshavet, ved Grønland og ved Canada. I Barentshavet har han mest tilhald ved Svalbard og i dei nordlege og austlege delane av havet. Om vinteren kan han òg treffast nærare norskekysten. I Porsangerfjorden finst det ein eigen liten bestand.

Særtrekk

Som namnet seier er polartorsken ein kaldtvassart, som trivst best nord for polarfronten. Han har “frostvæske” i blodet som ei tilpassing til ekstremt kaldt vatn.

Gyteområde

Gytinga føregår om vinteren under isen, først og fremst i den søraustlege delen av Barentshavet, men truleg òg aust av Svalbard. Det tek lang tid før dei frittflytande egga klekkar, men ut på sommaren og hausten er larvane spreidd over heile den austlege og nordlege delen av havet i tillegg til områda rundt Svalbard.

Den kjønnsmogne delen av bestanden beitar nord og aust for polarfronten, men samlar seg i oktober–november og vandrar sørover langs vestkysten av Novaja Semlja til dei viktigaste gytefelta i søraust.

Fiskeri

Polartorsken vart tidlegare fiska medan han var konsentrert under gytevandringa sørover langs kysten av Novaja Semlja seinhaustes. Noreg tok betydelege fangstar på 1970-talet. Totalfangsten på byrjinga av 1970-talet kom opp i 350 000 tonn, og den norske delen 15 000–20 000 tonn. Frå norsk side var dette eit notfiskeri, medan russarane fiska utelukkande med flytetrål. 

Dei seinare år har det ikkje vore fiska på bestanden, korkje frå norsk eller russisk side. 

Fakta om polartorsk

Latinsk navn: Boreogadus saida
Familie: Torskefamilien (Gadidae)
Maks størrelse: 25 cm og 100 gram
Levetid: Sjelden mer enn 5 år
Leveområde: Polare strøk
Hovedgyteområde: Sørøst i Barentshavet og øst av Svalbard
Gytetidspunkt: Desember–mars
Føde: Plankton
Særtrekk: Har “frostvæske” i kroppen som gjør at han kan oppholde seg i havvann med temperaturer ned mot frysepunktet, ca. -1,8ºC

Utbredelseskart

Klikk for stort bilde