Aure
Auren har ei naturleg utbreiing i låglandet, der den vandra inn frå sjøen gjennom ei vestlig og ei austleg innvandringsrute etter siste istid.
Aure (Salmo trutta L.) er ein fisk i laksefamilien og den fiskearten med størst utbreiing i Noreg. Denne rovfisken kan variera i storleik, form og levestad noko som har gjeve han namn som til dømes brunaure, innsjøaure, bekkaure fjellaure og sjøaure. Sjøaura er anadrom (nemning på fisk som flyttar seg frå havet og opp i elvar for å gyta) og gyt vanlegvis berre i rennande vatn.
Auren fins både som ferskvassform og sjøaure. Ferskvassforma lever heile livet i ferskvatn, medan sjøauren vandrar ut i…
