Hopp til hovedteksten
Sjøørret. Foto: Ø. Paulsen

Aure

Auren har ei naturleg utbreiing i låglandet, der den vandra inn frå sjøen gjennom ei vestlig og ei austleg innvandringsrute etter siste istid.

Aure (Salmo trutta L.) er ein fisk i laksefamilien og den fiskearten med størst utbreiing i Noreg. Denne rovfisken kan variera i storleik, form og levestad noko som har gjeve han namn som til dømes brunaure, innsjøaure, bekkaure fjellaure og sjøaure. Sjøaura er anadrom (nemning på fisk som flyttar seg frå havet og opp i elvar for å gyta) og gyt vanlegvis berre i rennande vatn.

Auren fins både som ferskvassform og sjøaure. Ferskvassforma  lever heile livet i ferskvatn, medan sjøauren vandrar ut i…

les mer

Fakta om aure

Latinsk namn: Salmo trutta L.
Andre norske namn: sjøaure, fjellaure, ørret, blenkje, kjøe
Familie: Laksefamilien
Maks storleik: Ca. 12-14 kg
Levetid: over 30 år, vanleg 5 år
Leveområde: Rennande vatn, innsjøar, sjø
Hovudgyteområde: Rennande vatn
Gytetidspunkt: oktober-november, nokre stader seinare
Føde: Insektlarver (ferskvatn), brisling og sild (sjø)
Predatorar: Lyr, torsk
Særtrekk: Svært stor genetisk diversitet, svært stor variasjon i farge og pigmenteringsmønster (jf. finprikka aure og marmoraure)
 

Kontaktpersoner

Øystein Skaala
53 47 35 23 / 55 23 53 64
47 62 78 78