Auren er eit av dei mest genetisk mangfaldige ryggbeinsdyra på jorda. Dette kan ein visa ved populasjonsgenetiske undersøkingar, td. nye DNA baserte metodar.
Arten har stor evne til å danna lokale bestandar som utviklar arvelege særtrekk. Døme på dette er den finprikka auren på Hardangervidda, og marmorauren i Otravassdraget. Det var forskarar ved Havforskingsinstituttet med god støtte frå Direktoratet for naturforvalting, som tok initiativ til å undersøkja og seinare verna den utryddingstruga finprikka auren på Hardangervidda.
Undersøkingane som vart gjennomført på Matre havbruksstasjon, viste at den finprikka auren har eit eige arveanlegg som blir nedarva etter klassiske arvelover.
