Lodde ved Island, Aust-Grønland og Jan Mayen
Gyteområda er på sør- og vestkysten av Island, og oppvekstområdet er vest og nord av Island. Områda mellom Nord-Island, Grønland og Jan Mayen er beiteområde. Lodda vert kjønnsmoden ved ein alder på 3–4 ar. Den blir sjeldan meir enn 20 cm lang og eldre enn 5 år.
Namnet har lodda fatt fordi hannen får ei stripe av hårete skjel langs sida i gytetida, då vert den gjerne kalla fakslodde. Hoa har ikkje ei slik stripe og vert kalla sil-lodde. Det meste av lodda døyr etter å ha gytt. Lodda gyter egga på botnen, og egga limer seg fast til sand og grus. Dei klekker etter om lag ein månad, og larvene driv med klokka rundt Island. Før ho er 10–12 cm lang et lodda mest raudåte, men krill vert ein viktigare del av dietten jo større lodda vert. Rekrutteringa…


