Hopp til hovedteksten
Lodde
Foto: E. Eriksen
Utskriftsvennlig versjon

Lodde ved Island, Aust-Grønland og Jan Mayen

Gyteområda til denne bestanden er på sør- og vestkysten av Island, mens oppvekstområdet er vest og nord av Island. Områda mellom Nord-Island, Grønland og Jan Mayen blir nytta som beiteområde. Lodda vert kjønnsmoden 3–4 år gamal. Ho blir sjeldan meir enn 20 cm lang og eldre enn 5 år.

Namnet har lodda fatt fordi hannen får ei stripe av hårete skjel langs sida i gytetida, då vert den gjerne kalla fakslodde. Hoa har ikkje ei slik stripe og vert kalla sillodde.

Lodda ved Island gyter ved kysten av Sør- og Vest-Island. Medan fleire andre loddebestandar gyter heilt oppe i flomålet på strendene, gyter begge desse bestandane på djup frå 10–60 m. Egga vert gytte ved sandbotnen, og limt fast til sandkorna i tida fram til klekking. Dei klekker etter om lag ein månad, og larvene driv med klokka rundt Island.

Det meste av lodda døyr etter å ha gytt.

Ved Island vert larvane transporterte med straumen langs vestkysten til nordkysten av Island, der også overvintringsområda er, men undersøkingar frå seinare år tyder på at larvene i større grad enn før også driv inn til kysten av Søraust-Grønland. Om sommaren har lodda tredisjonelt trekt nordover mot Jan Mayen for å beite i dei planktonrike områda langs polarfronten, medan vandringa i seinare år i større grad har gått til område lenger vest, tettare inn mot nordaustkysten av Grønland.

Før ho er 10–12 cm lang et lodda mest raudåte, men krill vert ein viktigare del av dietten jo større lodda vert. Rekrutteringa vert påverka av svingingar i klimaet, men også av predasjon frå torsk, annan fisk, kval og fugl. Lodda betyr mykje for vekst og reproduksjon i torskebestanden.