Hopp til hovedteksten
Lodde

Lodde

Lodda (Mallotus villosus) er ein liten laksefisk med utbreiing i dei polare stroka på den nordlege halvkula. Lodda er ein typisk pelagisk stimfisk som lever av planktonorganismar. Ho er i hovudsak eingongsgytar, dvs. at det meste av lodda døyr like etter gyting.

Lodda  lever heile sitt korte liv i Barentshavet. Det finst også andre loddebestandar på den nordlege halvkula, men bestanden i Barentshavet er jamt over den største. Lodda lever som stimfisk i dei frie vassmassane og lever først og fremst av raudåte. Frå dei er ca. 10–12 cm et dei også mykje krill. Lodda er ein sentral organisme i økosystemet, og mange predatorar har lodda som viktig føde. Først og fremst et torsken mykje lodde, men også grønlandssel, ulike kvalartar, sjøfugl og annan fisk har lodde…

les meir

Fakta om lodde

Latinsk navn: Mallotus villosus
Andre norske namn:
Hannfisk kallast faks-lodde og hofisk sil-lodde
Familie: Loddefamilien Osmeridae
Maks storleik: Sjeldan over 20 cm og 50 gram
Levetid: Sjeldan meir enn 5 år
Leveområde: Barentshavet
Hovudgyteområde: Kystnært ved Troms, Finnmark og Kolahalvøya
Gytetidspunkt: Mars–april
Føde: Plankton
Særtrekk: Namnet har lodda fått fordi hannen får ei stripe av hårete skjel langs sida i gytetida.

Utbredelseskart

Klikk for stort bilde

Status, råd og fiskeri 2012

2009 var det første året med kommersielt fiske sidan 2003.


les mer

Kontaktpersoner

Sigurd Tjelmeland
55 23 84 21
95 74 60 21