Hopp til hovedteksten
Lodde
Utskriftsvennlig versjon

Lodde

Lodda er ein liten laksefisk med utbreiing i dei polare stroka på den nordlege halvkula. Lodda er ein typisk pelagisk stimfisk som lever av planktonorganismar. Ho er i hovudsak eingongsgytar, dvs. at det meste av lodda døyr like etter gyting.

Lodda er ein typisk pelagisk stimfisk. Ho er mørk på ryggen og lys under, noko som gjer ho vanskeleg å sjå for rovdyr, enten dei kjem ovanfrå (fugl, sel, kval) eller frå undersida (fisk, kval).

Stor munn og vel utvikla gjellegitte gjer at lodda kan beite effektivt på planktonorganismar som hoppekreps, krill og marflo.

Om våren får lodda ei karakteristisk gytedrakt; hannfisken får då hårete utvekstar langs sidelina (som har gjeve lodda både sitt vitskaplege og norske namn) og ein sterkt forstørra og svartfarga gattfinne. Hofisken får ingen særskilt gytedrakt.

I Nordvest-Atlanteren kan lodda ikkje forvekslast med andre arter, det måtte einaste vera sil, som liknar litt i kroppsform, men har eit mykje spissare hovudparti. I gytetida har hannen ei stripe av hårete skjel langs sida - derav namnet. 

Lodda veks relativt fort og når i løpet av 3-4 år 14-18 cm. Hannane veks noko fortare enn hofisken, og vert litt lengre. Dei individa som når om lag 14 cm i løpet av hausten, byrjar modnast og gyter komande vår.

Ho beitar over store delar av havområdet, først og fremst langs polarfronten og lenger nord og aust. Utpå seinhausten vandrar fisken sørover, og om vinteren er bestanden sør for polarfronten og iskanten. Frå dei er ca. 10–12 cm et lodda også mykje krill.

Lodda er ein sentral organisme i økosystemet, og mange predatorar har lodda som viktig føde. Først og fremst et torsken mykje lodde, men også grønlandssel, ulike kvalartar, sjøfugl og annan fisk har lodde på menyen.

Gyting

Lodda lever heile sitt korte liv i Barentshavet. Dei fleste individa døyr etter å ha gytt første gongen, vanlegvis når dei er fire år gamle. Den modnande delen av bestanden, som består av fisk som er 3–5 år gamal og lengre enn ca. 14 cm, vandrar mot kysten, og når gjerne land i byrjinga av mars.  Lodda i Barentshavet gyter då langs kysten av Troms, Finnmark og Kola. Det føregår også ein del gyting seinare på året, såkalla sommargyting, då helst i Austfinnmark og austetter på russisk side av grensa.

Gytinga føregår ved botnen, for det meste på djup frå 20–60 m, der det finst sand, grus og singel. Egga klistrar seg til botn og ligg der til dei klekkar etter ein månads tid. Larvane kjem opp i dei øvre vasslaga og driv med straumen ut frå kysten og austetter, og om sommaren er dei spreidde over store deler av det sentrale og austlege Barentshavet.

Loddelarvane vert transporterte med havstraumane frå gytefelta til dei sørlege og austlege delane av Barentshavet, og i både første og andre leveåret står dei lengre sør i havet enn dei eldre lodda. Om sommaren vandrar lodda nord og austetter i Barentshavet etter som isen trekkjer seg attende nordover, og beitar i desse planktonrike områda utetter hausten. Seinhaustes trekkjer dei søretter og overvintrar sør for polarfronten og iskanten. Dei modnande individa byrjar vandre mot kysten for å gyte i januar-februar. Utbreiinga og vandringane er påverka både av storleiken på bestanden og av klimaet i Barentshavet.

Utbreiing og biologi

Dei viktigaste loddebestandane held til ved Island, Newfoundland, i Beringhavet og i Barentshavet. Det fins ein underart i Atlanterhavet og ein annan i Stillehavet. ”Verdas største loddebestand” finn vi i Barentshavet, sjølv om storleiken på bestanden har variert mykje dei siste 30 åra, frå nokre få hundre tusen tonn til 7-8 millionar tonn. Det finst ein annan loddebestand i området Island-Vest-Grønland-Jan Mayen.

Fakta om lodde

Latinsk navn: Mallotus villosus
Andre norske namn:
Hannfisk kallast faks-lodde og hofisk sil-lodde
Familie: Loddefamilien Osmeridae
Maks storleik: Sjeldan over 20 cm og 50 gram
Levetid: Sjeldan meir enn 5 år
Leveområde: Barentshavet
Hovudgyteområde: Kystnært ved Troms, Finnmark og Kolahalvøya
Gytetidspunkt: Mars–april
Føde: Plankton
Særtrekk: Namnet har lodda fått fordi hannen får ei stripe av hårete skjel langs sida i gytetida.

Utbredelseskart

Klikk for stort bilde

Kontaktpersoner

Georg Skaret
951 61 038