Frå den tida har instituttet gjennomført årvisse kartleggingar av mengde og utbreiing av lodda i Barentshavet, frå ca 1980 i samarbeid med det russiske havforskingsinstituttet PINRO i Murmansk.
I periodar har det vore fleire undersøkingar per år; om vinteren, under gyteinnsiget, på gytefelta, på larvane i juni og august, i tillegg til det viktigaste toktet i september-oktober, som har gått i heile perioden frå 1971. Det er publisert mange arbeid på lodde, og minst eit doktorgradsarbeid har hovudsakleg basert seg på denne bestanden.
I mars 2007 vart det utført loddeleiting i Barentshavet for å prøve å kartleggje den gytande lodda akustisk.
Havforskingsinstituttet har i mindre grad delteke i forskinga på bestanden ved Island-Austgrønland-Jan Mayen.


