Hopp til hovedteksten
Utskriftsvennlig versjon

Forsking

Kartlegginga av lodda starta opp i 1960-åra, og innsatsen auka monaleg i byrjinga av 1970-åra, då ekkointegratoren kom i bruk.

Frå den tida har instituttet gjennomført årvisse kartleggingar av mengde og utbreiing av lodde i Barentshavet, frå ca. 1980 i samarbeid med det russiske havforskingsinstituttet PINRO i Murmansk.

I periodar har det vore fleire undersøkingar per år; om vinteren, under gyteinnsiget, på gytefelta, på larvane i juni og august, i tillegg til det viktigaste toktet i september–oktober, som har gått i heile perioden frå 1971. Frå og med 2004 blei fleire ulike hausttokt i Barentshavet kombinert til eitt økosystemtokt, og loddekartlegginga har gått inn som ein del av dette. Det er publisert mange arbeid på lodde, og minst eit doktorgradsarbeid har hovudsakleg basert seg på denne bestanden.

I perioden 2007–2009 vart det utført loddeleiting i Barentshavet for å prøve å kartleggje den gytande lodda akustisk. Dette skal igjen gjerast vinteren 2019.

Havforskingsinstituttet har i mindre grad delteke i forskinga på bestanden ved Island–Aust-Grønland–Jan Mayen.

Fakta om lodde

Latinsk navn: Mallotus villosus
Andre norske namn:
Hannfisk kallast faks-lodde og hofisk sil-lodde
Familie: Loddefamilien Osmeridae
Maks storleik: Sjeldan over 20 cm og 50 gram
Levetid: Sjeldan meir enn 5 år
Leveområde: Barentshavet
Hovudgyteområde: Kystnært ved Troms, Finnmark og Kolahalvøya
Gytetidspunkt: Mars–april
Føde: Plankton
Særtrekk: Namnet har lodda fått fordi hannen får ei stripe av hårete skjel langs sida i gytetida.

Utbredelseskart

Klikk for stort bilde