Hopp til hovedteksten
Kolmule
Utskriftsvennlig versjon

Kolmule

Kolmula (Micromesistius poutassou) er ein av dei mest talrike fiskebestander i dei midterste vasslaga i Nordaust-Atlanteren. Arten er mest vanleg frå 100 til 600 meters djup, men kan òg svømme nær overflata i samanheng med døgnlige vertikale vandringar. På grunt vatn kan arten svømme nær botnen.

Kolmule er ein liten torskefisk som hovudsakleg held til i Nordaust-Atlanteren og i Middelhavet. Mindre bestandar fins og i Nordvest-Atlanteren.

Kolmula i Nordaust-Atlanteren vert forvaltingsmessig betrakta som éin bestand, men består av to hovudkomponentar, ein nordleg og ein sørleg, med en grov separasjonslinje på Porcupinebanken vest for Irland. Nokre norske fjordar samt Barentshavet har lokale bestandskomponentar, sjølv om dei store mengdene av kolmule observert i Barentshavet i dei siste åra høyrer til den atlantiske hovudkomponenten.

Kolmule er ein av dei mest talrike fiskeartene i dei midterste vasslaga i Nordaust-Atlanteren. Arten er mest vanleg frå 100 til 600 meters djup, men han kan og svømme nær overflata deler av døgnet og nær botnen på grunt vatn. Han er blitt observert så djupt som 900 meter.

Kolmula et for det meste krepsdyr som krill og amfipodar, og stor kolmule et gjerne småfisk, inkludert ung kolmule. Det hender at han må konkurrere om maten med sild og makrell. Dette er mest vanleg for ung kolmule (0- og 1-åringer), som held seg høgare oppe i vatnet. Ein del rovfisk og sjøpattedyr beitar på kolmule, og han er for eksempel ein viktig del av føden til sei, blåkveite og grindkval.

Vaksen kolmule vandrar kvar vinter til gyteområda vest for Dei britiske øyer for å gyte. Egg og larver vert transporterte med havstraumane, og driftmønsteret varierer frå år til år. Larver frå gyting vest for Irland kan for eksempel ende opp både i Norskehavet og i Biscayabukta. Det viktigaste føde- og oppvekstområdet er Norskehavet.
 

Kolmule på flere språk:

  • Latin: Micromesistius poutassou
  • Engelsk: blue whiting
  • Fransk: Merlan bleu/poutassou
  • Tysk: Blauer wittling
  • Spansk: Bacaladilla
  • Russisk: Putassu
  • Finsk: Mustakitaturska
  • Nederlandsk: Blauwe wijting

Fakta om kolmule

Latinsk navn: Micromesistius poutassou
Andre norske navn: Blågunnar, blåhvitting, kolkjeft
Familie: Torskefamilien (Gadidae)
Maks størrelse: 50 cm og 800 g
Levetid: Opptil 20 år, men sjelden over 10 år
Leveområde: Hele Nord-Atlanteren fra Svalbard til Marokko samt Middelhavet
Hovedgyteområde: Vest for De britiske øyer
Gytetidspunkt: Februar–april
Føde: Spiser krill, amfipoder og småfisk
Særtrekk: Har fått navnet kolmule fordi munnhulen og gjellehulene er svarte

Utbredelseskart

Klikk for stort bilde

Status, råd og fiskeri

Gytebestanden av kolmule nådde en topp på 6,9 millioner tonn i 2003, og ble kraftig redusert frem til 2010. Denne trenden er nå snudd, og gytebestanden har økt siden 2010.


les mer

Kontaktpersoner

Åge Høines
916 04 952