Hopp til hovedteksten
Pigghå
Foto: Tone Vollen
Utskriftsvennlig versjon

Pigghå

Pigghå har ei verdsomspennande utbreiing og er ein av de mest talrike haiartane vi kjenner. Arten vert inndelt i fleire bestandar, og den nordaustatlantiske bestanden finst frå Biscaya til Barentshavet. Merkeforsøk på slutten av 1950-talet viste at bestanden vandra frå eit sommerområde ved Skottland og eit vinterområde i norske farvatn.

Tilsvarande merkeforsøk på 70-talet viste ei sørlegare utbreiing med sommerområde sør i Nordsjøen og vinterområde ved Skottland. Dei senare åra er områda igjen flytta nordover, men det er ikkje gjort nye studier av vandringsmønsteret. Endringar i førekomst av arten i norske farvatn kan gjenspegle endringar i vandringsmønster vel så mykje som endringar i bestandsstorleik.

Pigghå dannar store stimar, og dersom ein først får pigghå i fangstane er det lett for at det blir i store mengder. Hannar og hoer dannar eigne stimar og det gjer også store og små individ. Hoene før eit fåtal (7–11) levande ungar og går gravide med kvart kull i to år før dei startar med neste kull. Fangst av store stimar med gravide hoer gjer difor eit tilsvarande stort innhogg i den framtidige førekomsten av nyfødde yngel. Difor er pigghå,som mange andre haiartar, betrakta som spesielt sårbare for overbeskatting. Likevel er pigghå et unnatak blant haiartane ved å ha vist at han kan vere i stand til å byggje seg opp att etter sterkt overfiske.

Fakta om pigghå

Latinsk navn: Squalus acanthias
Andre norske navn: hå, blankhå
Familie: Squalidae
Maks størrelse: 123 cm
Levetid: 25 år
Leveområde: Global utbredelse i tempererte områder på både nordlig og sørlig halvkule
Hovedgyteområde: Uavklart
Gytetidspunkt: Ungene fødes levende året rundt, men trolig med en topp om vinteren.
Føde: For en stor del dyreplankton, inkludert geléplankton i den pelagiske ungfiskfasen, og som voksen, sild, torskefisk, blekksprut, krepsdyr, o.a.
Særtrekk: Har en svakt giftig pigg foran hver av de to ryggfinnene. Disse kan benyttes til å anslå fiskens alder ved å telle antall kanter av emaljelag som legges til årlig.

Status, råd og fiskeri

Den nordøstatlantiske pigghåbestanden har utvilsomt vært svært stor og har gitt grunnlag for et verdifullt fiskeri i mer enn hundre år. I 40-årsperioden 1950–1990 ble det rapportert årlige landinger på 30 000–60 000 tonn.


les mer

Utbredelseskart

Klikk for stort bilde

Kontaktpersoner

Ole Thomas Albert
996 26 002