Dei siste åra har ICES gitt råd for to breiflabbestandar, ein sørleg som strekkjer seg frå Portugal/Spania og nordover til Irland, og ein i området vest for Skottland og Nordsjøen/Skagerrak. Bestanden nord for Stad heng nok til ein viss grad saman med den vi finn i Nordsjøen, men vert førebels rekna som ein eigen bestand.
Den norske totalfangsten av breiflabb i 2011 var på ca. 5 700 tonn. det er nesten 600 tonn mindre enn året før, men på nivå med fangsten i 2006-2009. Sidan 1997 har fangstane auka jamnt og re no meir enn tredobla.
Meir enn 80 prosent vert teken nord for Stad, og her er det berre ubetydelege fangstar frå andre nasjonar. Sør for Stad deler vi breiflabben med andre nordsjøland, og dei norske fangstane utgjer 5–10 prosent. Skottland står her for mesteparten av uttaket, medan Danmark ligg på om lag same nivå som Noreg.
Det norske fisket blir for det meste drive frå sjarkar med stormaska garn nær kysten både nord og sør for Stad. Dei andre nasjonane fiskar mest med botntrål. Det norske fisket er i stor grad retta mot den kjønnsmodne delen av bestanden, medan trålfisket i Nordsjøen helst tek mindre, umoden fisk. Forvaltinga av breiflabbestandane må sikre at nok fisk overlever til kjønnsmoden storleik. Slik sett er ikkje fiskemønsteret i Nordsjøen like berekraftig som det vi har nord for Stad.


