Hopp til hovedteksten
Breiflabb

Breiflabb i det nordaustlege Atlanterhavet

Breiflabb i det nordaustlege Atlanterhavet høyrer eigentleg til to nærståande artar. Dei norske fangstane er nesten utelukkande arten Lophius piscatorius (kvit bukhole), medan det berre er gjort eit par sikre observasjonar av Lophius budegassa (svart bukhole).

Breiflabb (L. piscatorius) er ein typisk botnfisk, sjølv om den stundom vert funne høgt oppe i vassøyla. Sannsynlegvis lettar den då frå havbotnen og nyttar havstraumane i samband med nærings- og gytevandring. Den kan treffast heilt i strandsona og vidare nedover i djupe fjordar. Lenger sør i Atlanterhavet er den også vanleg ned til djupner på over 1000 meter.

Breiflabben  er utbreidd frå Barentshavet til nordlege delar av Vest-Afrika, den finst i Middelhavet og Svartehavet, og vestgrensa går ved…

les mer

Fakta om breiflabb

Latinsk namn: Lophius piscatorius
Andre namn: Flabb, marulk, ulke, sjødjevel, havtaske og storkjeft
Familie: Breiflabbfamilien (Lophiidae)
Gyteområde: Kontinentalskråninga (1000–1800 m) vest for Storbritannia, men òg i norske fjordar og djupare deler av sokkelen
Føde: Fisk, krepsdyr og blekksprut
Levetid: Meir enn 25 år
Maks storleik: Kan bli 2 m lang
Særtrekk: Breiflabben er ein dårleg symjar som ligg på botnen og vifter med ryggfinnestrålen for å lokke til seg småfisk. Byttet blir sugd inn i gapet på fisken når han opnar kjeften.

Utbredelseskart

Klikk for stort bilde

Status, råd og fiskeri 2010

Det var ikkje råd for ICES å føreta ei analytisk bestandsvurdering av breiflabb sør for 62°N i 2009. Rådet er at innsatsen i dette fisket ikkje bør auke, og at fisket må følgjast opp med bindande innsamling av fangst- og innsatsdata for å betre forvaltinga av denne bestanden.
 


les mer

Kontaktpersoner

Otte Bjelland
55 23 86 03
90998192