Hopp til hovedteksten
Breiflabb
Utskriftsvennlig versjon

Breiflabb i det nordaustlege Atlanterhavet

Breiflabb i det nordaustlege Atlanterhavet høyrer eigentleg til to nærståande artar. Dei norske fangstane er nesten utelukkande arten Lophius piscatorius (kvit bukhole), medan det berre er gjort eit par sikre observasjonar av Lophius budegassa (svart bukhole).

Breiflabb (L. piscatorius) er ein typisk botnfisk, sjølv om den stundom vert funne høgt oppe i vassøyla. Sannsynlegvis lettar den då frå havbotnen og nyttar havstraumane i samband med nærings- og gytevandring. Den kan treffast heilt i strandsona og vidare nedover i djupe fjordar. Lenger sør i Atlanterhavet er den også vanleg ned til djupner på over 1000 meter.

Breiflabben  er utbreidd frå Barentshavet til nordlege delar av Vest-Afrika, den finst i Middelhavet og Svartehavet, og vestgrensa går ved Island. Dei siste åra har ICES gitt råd for to breiflabbestandar, ein sørleg bestand som strekkjer seg frå Portugal/Spania og nordover til Irland, og ein bestand i området vest for Skottland og Nordsjøen/Skagerrak. Bestanden nord for Stad heng nok til ein viss grad saman med den vi finn i Nordsjøen, men vert førebels rekna som ein eigen bestand.

Breiflabben er ein rovfisk med få naturlege fiendar når den har nådd vaksen alder. Den ligg i ro og lokkar til seg bytte ved hjelp av den fremste finnestråla, som fungerar som ei fiskestong med ein hudflik som agn. Alle typar fisk som kjem nær nok den store kjeften vert slukt ved at breiflabben raskt opnar gapet og såleis sug byttet inn. Ein har jamvel funne sjøfugl og oter i magen på breiflabb.

Merkeforsøk dei siste sju åra har vist at breiflabben er i stand til å gjennomføre relativt lange vandringar, men det er framleis noko uklart korleis dynamikken i gyte- og næringsvandring er hos denne arten. Ein har sett døme på at enkeltfisk har vandra frå Nordsjøen til Færøyane, Island og Møre. Fisk merka på Møre er blitt fanga att i Nordsjøen og ved kysten av Nordland. Sidan 2001 er det særleg i områda nord for Halten at fangstane har teke seg opp, noko som tyder på at breiflabben har fått ei meir nordleg utbreiing langs norskekysten. Dette kan vere eit resultat av eit varmare havklima, sidan desse nordlegaste områda er heilt i randsona for breiflabben si utbreiing.

Fakta om breiflabb

Latinsk namn: Lophius piscatorius
Andre namn: Flabb, marulk, ulke, sjødjevel, havtaske og storkjeft
Familie: Breiflabbfamilien (Lophiidae)
Gyteområde: Kontinentalskråninga (1000–1800 m) vest for Storbritannia, men òg i norske fjordar og djupare deler av sokkelen
Føde: Fisk, krepsdyr og blekksprut
Levetid: Meir enn 25 år
Maks storleik: Kan bli 2 m lang
Særtrekk: Breiflabben er ein dårleg symjar som ligg på botnen og vifter med ryggfinnestrålen for å lokke til seg småfisk. Byttet blir sugd inn i gapet på fisken når han opnar kjeften.

Utbredelseskart

Klikk for stort bilde

Kontaktpersoner

Otte Bjelland
55 23 86 03
90998192