Hopp til hovedteksten
Breiflabb
Utskriftsvennlig versjon

Breiflabb i det nordaustlege Atlanterhavet

Breiflabb i det nordaustlege Atlanterhavet høyrer eigentleg til to nærståande artar. Dei norske fangstane er nesten utelukkande arten Lophius piscatorius (kvit bukhole), medan det berre er ca. 1 av 1000 som høyrer til arten Lophius budegassa (svart bukhole).

Breiflabb er ein typisk botnfisk, sjølv om den stundom vert funne høgt oppe i vassøyla. Sannsynlegvis lettar den frå botnen og nyttar havstraumane i samband med nærings- og gytevandring. Den kan treffast i strandsona og vidare nedover i djupe fjordar. Lenger sør i Atlanterhavet er den også vanleg ned til djupner på over 1000 meter. Breiflabben er utbreidd frå Barentshavet til nordlege delar av Vest-Afrika, den finst i Middelhavet og Svartehavet. Vestgrensa går ved Island.

Breiflabben er ein rovfisk som har få naturlege fiendar i vaksen alder. Den ligg i ro og lokkar til seg bytte ved hjelp av den fremste finnestråla. Den fungerer som ei fiskestong med ein hudflik som agn. Alle typar fisk som kjem nær nok den store kjeften, vert slukte når breiflabben raskt opnar gapet og syg byttet inn. Ein har jamvel funne sjøfugl og oter i magen på breiflabb. Merkeforsøk dei siste åra har vist at breiflabben er i stand til å gjennomføre relativt lange vandringar, men det er framleis noko uklart korleis dynamikken i gyte- og næringsvandring er hos arten. Enkeltfisk har vandra frå Nordsjøen til Færøyane, Island og norskekysten heilt opp til Vesterålen, og fisk merkt på Møre er fanga att i Nordsjøen og ved kysten av Nordland.

Sidan 2001 er det særleg i områda nord for Halten at fangstane har teke seg opp, og i 2007 og 2008 kom om lag 45 % av dei norske landingane frå desse områda. I 2009 vart, for fyrste gong, meir enn halvparten teken i dette området. Det kan tyde på at breiflabben fekk ei meir nordleg utbreiing langs norskekysten i desse åra. Dette kan vere eit resultat av eit varmare havklima, sidan desse nordlegaste områda er heilt i randsona for breiflabben si utbreiing.

Fakta om breiflabb

Latinsk namn: Lophius piscatorius
Andre namn: Flabb, marulk, ulke, sjødjevel, havtaske og storkjeft
Familie: Breiflabbfamilien (Lophiidae)
Gyteområde: Kontinentalskråninga (1000–1800 m) vest for Storbritannia, men òg i norske fjordar og djupare deler av sokkelen
Føde: Fisk, krepsdyr og blekksprut
Levetid: Meir enn 25 år
Maks storleik: Kan bli 2 m lang
Særtrekk: Breiflabben er ein dårleg symjar som ligg på botnen og vifter med ryggfinnestrålen for å lokke til seg småfisk. Byttet blir sugd inn i gapet på fisken når han opnar kjeften.

Utbredelseskart

Klikk for stort bilde

Kontaktpersoner

Otte Bjelland
909 98 192