Hopp til hovedteksten
AAL_WEB.jpg
Ålen sym 6000 kilometer for å gyta og døy. Larvene brukar eitt til to år på driva attende til oppvekstområda. 5 til  20 år seinare gjev dei seg i kast med returen . 
Foto: Caroline Durif
Utskriftsvennlig versjon

Det åltimate navigasjonssystemet

Seint i tenåra kryssar ålen Atlanteren for å nå gyteområdet i Saragassohavet. Det har vore ei gåte korleis ålen finn vegen, men no nærmar forskarane seg svaret. Forklaringa er magnetisk.

Av Marie Hauge

Ei mørk og regnfull natt – ved nymåne – forlèt ålen barndomstraktene for godt. Framfor seg har han ein symjetur på fem, seks månader. Målet er Saragassohavet; eit stort havområde sør for Bermuda, der ålen gyt for første og siste gong i livet.

Sym djupt


Både europeisk og amerikansk ål gyt i dette djupe, salte havområdet. Kvifor ålen utset seg for ei så strabasiøs vandring veit forskarane ikkje sikkert. Truleg var Saragassohavet gyteområde alt den gongen kontinenta låg tettare til ålen sitt oppvekstområde.

Til dags dato er det enno ingen som har funne vaksen ål her.

– Saragassohavet er stort og djupt – og det gjer det både kostbart og vanskeleg å leita etter ålen. Samtlege merkingsforsøk, som det har vore mange av, har hittil vore mislykka. Ålen sym truleg så djupt som 600 til 700 meter, fortel forskar Caroline Durif frå Havforskingsinstituttet.

Myteomspunnen fisk

Det er mykje forskarane ikkje veit om ål, som var ein myteomspunnen fisk alt for 2000 år sidan. Egg og larver frå ål hadde ingen sett, og Aristoteles slo fast at ålen grodde fram av mudder og var verken ho eller hann. Seint på 1800-talet vart dei første ålelarvene observerte i Middelhavet. Sidan vart det funne stadig yngre larver stadig lenger ut i Atlanterhavet. Gjennombrotet kom då nyklekt åleyngel vart henta opp frå Sargassohavet. Ålen sitt gyteområde var oppdaga.

Då melde neste spørsmål seg: Korleis finn ålen fram til dette fjerne havområdet? 6000 kilometer er avstanden mellom norskekysten og Saragassohavet, og ålen sym langt nede i vassmassane og for det meste på natta. 

Magnetisk kartforståing

Mange teoriar har vore lanserte opp gjennom åra. At ålen navigerer etter stjernene, at han brukar kystlinja eller luktesansen til å koma seg dit han skal eller let seg føra med havstraumane. No hellar dei fleste mot at ålen kan sansa dei magnetiske felta  – og brukar dei til å staka ut kursen.  

– Ålen treng eit finstemt navigasjonssystem for å finna fram til det riktige gyteområdet. Når ein teiknar eit kart med utgangspunkt i jordmagnetiske felt ser ein at det kan føra fram til Sargassohavet. Det tyder på at ålen har utvikla ei form for kartforståing og orienterer seg ved hjelp av dei magnetiske felta, seier Caroline Durif. I samarbeid med forskarkollegaene Anne Berit Skiftesvik og Howard Browman  har ho undersøkt magnetoreception-teorien over ein toårsperiode. Studien er gjort på Havforskingsinstituttet sin forskingsstasjon i Austevoll.  

KAR_web.jpg

På forskingsstasjonen i Austevoll er det bygt opp eit intrikat vasstanksystem med leidningar, der den magnetiske polen kan bli styrt i ønskt retning. 

Nord i sør og omvendt

I migrasjonsperioden seinhaustes vart ålen isolert i mørke kar. I det avanserte testanlegget vart det skapt eit nytt ”nord” kvar natt for å testa ålen sin retningssans. Ein og ein ål vart eksponert for magnetiske felt med varierande intensitet. Infrarøde kamera filma ålen sin oppførsel. Caroline Durif vart først overraska då ho såg opptaka. Samtlege av dei reiseklare ålane søkte mot aust og nord, som slett ikkje var vegen ut i havet.

– Men då eg tok utgangspunkt i området der ålen var fanga, vart oppførselen forståeleg. Nord og aust hadde ført ålen ut i havet dersom han hadde starta gytevandringa derifrå. Som yngel lærer ålen vegen inn i elva. Så tek han motsatt veg når han skal ut i havet igjen. Med andre ord må ålen kunna vegen inn for å finna vegen ut, forklarar ho.

Det er ei oppdaging som kan få konsekvensar for omplassering av åleyngel, eitt av tiltaka som vert prøvde ut for å verna den sterkt utryddingstruga arten. 

Innebygt åle-GPS

Forsøka viste også at ålen navigerer etter styrken i magnetfelta. Denne styrken varierer alt etter kvar ein er på jorda. Dermed veit ålen og andre dyr som orienterer seg ved hjelp av magnetfelt heile tida kvar dei er. Det blir som ein slags innebygt GPS, forklarar Caroline Durif.

Enno veit ikkje forskarane kva det er i ålen sin fysiologi som gjer han i stand til å bruka dette systemet. Det er heller ikkje kjent kva delar av dei magnetiske felta ålen sansar og nyttiggjer seg undervegs til Saragassohavet.  

Yngelen vender tilbake

Ålen er svært lyssky, og startar gytevandringa mørke, regnfulle haustnetter. Ikkje akkurat draumeforhold for forsking, kan Caroline Durif fortelja. Ho har tilbringa mange netter ute i ufysleg vêr i von om å finna ut kva tidspunkt ålen bestemmer seg for gje seg ut i verda.

Ålane er ikkje kjønsmodne når dei forlet elva, og forskarane har ein teori om at det er noko i havet eller sjølve symjeaktiviteten som triggar kjønnsmodninga. Forsøk har vist at magnetisme kan ha ein fysiologisk innverkand på trekkfugl. Durif skal undersøkja om magnetisme kan vera ein av faktorane som utløyser kjønsmodninga hos ålen.  

Prosjektet på ålenavigasjon var først eit fireårig NFR-prosjekt med delfinansiering frå Universitetet i Oslo og Havforskingsinstituttet. Det vart sidan videreført i internprosjektet ”Sensory biology and behaviour” ved Havforskningsinstituttet. Tilknytta forskarar er Howard Browman (HI), Caroline Durif (UiO/HI), John Phillips (Virginia Tech, USA), Anne Berit Skiftesvik (HI), Hans Stockhausen (HI) og Asbjørn Vøllestad (UiO).

Fakta om ål

Latinsk navn: Anguilla anguilla
Familie: Anguilla
Maks størrelse: 133 cm og 6 599 gram
Levetid: 5–20 år avhengig av kjønn og levevilkår
Leveområde: Fra Afrika/Kanariøyene til Murmansk
Hovedgyteområde: Sargassohavet
Gytetidspunkt: Ukjent, men trolig mellom mars og juni. Ålen er engangsgyter
Føde: Animalsk føde, mer eller mindre altetende
Særtrekk: Ål er sterkt fotofobisk (lyssky). Den kan bli værende ute av vannet i mer enn 24 timer, og kan også vandre over land fra ferskvann til sjø når de starter gytevandringen. Ål kan svømme bakover.

Utbredelseskart

Klikk for stort bilde