Hopp til hovedteksten
Sildefangst
Trålhal med sild
Foto: Kjartan Mæstad
Utskriftsvennlig versjon

Slik verkar det:

Ein fiskebåt går frå hamn og sender avgangsmelding (DEP) til Fiskeridirektoratet og melder at han har tenkt å fiska sild.
Ein ny meldingstype generert av fangstdagboka (og ein kopi av avgangsmeldinga) blir sendt til Havforskingsinstituttet, som automatisk sender returmelding og ber om at fartøy deltek på prøvetaking av sild på denne turen.
Deltakinga inneber to ting; for kvar fangstoperasjon (kast/trålhal) vert det bedt om:
At fiskar tek ein prøve (10-20 kg) av fangsten tidleg i fangstoperasjonen og set til side
At fiskar, så tidleg som praktisk mogeleg sender ein fangstmelding via fangstdagboka. Meldinga er teknisk sett ein kopi av fangstrapporten (DCA) for det aktuelle kastet/halet og må innehalde eit anslag på mengda sild fanga. Meldinga blir laga automatisk av fangstdagboka, slik at skipparen slepp å føra inn nye opplysningar i dagboka.
Denne meldinga blir sendt til HI som med ein gong, og automatisk svarar enten JA eller NEI.
Dersom svaret er JA ber ein om at mannskapet pakkar og merker prøven, frys den ned og leverer på eit mottaksanlegg (norsk) ved passande høve. Dersom svaret er NEI kan prøven kasserast.
•    Mottaksanlegget må så ta vare på prøvane som kjem inn frå fiskeflåten og senda dei til HI etter nærare avtale.

Dette nye systemet krev ein betydeleg innsats, spesielt frå fiskarane, men og frå industrien, for at det skal fungera. I avsnitta under vert det forklart i litt meir detalj. Ordninga vil bli følgt tett opp, spesielt i startfasen. Spørsmål om ordninga kan sendast på e-post til «fangstprover@hi.no» (eventuelt til Håkon Otterå, tel 950 65 762). Planen er å få inn i prøvar frå omlag 200 fangstar av sild (NVG, Nordsjøsild, Skagerraksild) spreidd over heile flåten i løpet av 2018. Fordelt på mange hundre fangstar blir ikkje sjansen for at ein enkeltfangst vert trekt ut veldig stor, men store fangstar vil ha større sjanse for å «vinna i lotteriet» enn små fangstar.

For å få dette til er me avhengig av god oppslutning frå flåten og landindustrien om denne ordninga gjennom heile året. Dette vil være eit felles løft for ei betre bestandsvurdering og kvoterådgiving.