Hopp til hovedteksten
Sildegytingstoktet 2016
Utskriftsvennlig versjon

Fangstprøver sild

Havforskingsinstituttet tek kvart år hundrevis av prøver frå den kommersielle fangsten av våre viktigaste fiskeartar. Hovudføremålet med dette er å få gode data på den landa fangsten, med tanke på storleiksfordeling (lengde og vekt), kondisjon, kjønnsmodning og alder. Aldersfordelinga er særs viktig, og saman med data på kvantum (tonn) fisk landa, som vi får frå Fiskeridirektoratet, bruker vi desse prøvane til å berekna kor mange individ av kvar årsklasse som vert fiska per år. Dette er den viktigaste parameteren i bestandsmodellane som vert brukt for å berekna kvoteråd for dei store bestandane.

I den pelagiske sektoren føregår denne prøvetakinga i stor grad av fiskarane sjølv, i samråd med Havforskingsinstituttet, ved at prøvar av fangsten vert frosne ned og levert landanlegg som sender prøvane til HI for analyse. Også fleire landanlegg sender inn prøvar. Vi får inn ganske mange prøvar på denne måten, men dei har gjerne vore tekne av relativt få fartøy og ikkje hatt den optimale spreiinga i tid og rom for å spegla sildefisket totalt sett.

Frå 1. januar 2018 ynskjer vi å endra på denne prøvetakinga når det gjeld sild, og vi treng hjelp av både fiskarar, landanlegg og andre for å lukkast med dette. Planen er å bruka det eksisterande systemet for elektronisk fangstdagbok for å «bestilla» fangstprøvar etter ein statistisk sett tilnærma optimal måte (vi kallar prosessen «lotteri» for å gjera det enkelt). Endringar (oppdatering) av den elektroniske fangstdagboka vil bli gjort for å få dette til. Denne oppdateringa håpar vi kan vera klar tidleg på nyåret. Greier vi å få denne omleggingaav prøvetakinga til saman med næringa er gevinsten ein forbetra bestandsvurdering og meir korrekt og presis bestandsrådgjeving, til nytte for alle.

Fakta

Havforskningsinstituttet tek kvart år fleire hundre prøvar av fangsten frå dei viktigaste kommersielle fiskaeartane. Fangstprøvane er nødvendige for å berekna kor mange individ per årsklasse som vert fiska, noko som er viktige grunnlagsdata for bestandsrådgjevinga.

Prøvane vert samla inn på ulike måtar; referanseflåten er svært viktig, men vi har og ein eigen prøvebåt som tek prøvar frå landanlegga som kystflåten leverar til i Nord-Norge. I tillegg får vi data frå Kystvakten, Fiskeridirektoratet sin sjøtjeneste og andre. Frå den pelagiske sektoren vert storparten av prøvane samla inn av fartøya sjølve eller av mottaksanlegga.

Kontaktinformasjon

Spørsmål om ordninga kan sendast på e-post til fangstprover@hi.no
eller til Håkon Otterå, tlf 950 65 762

Spørsmål om elektronisk fangstdagbok kan stillast til
Jens Altern Wathne, Fiskeridirektoratet, tlf. 995 68 688
Bjørn Vidar Svendsen, tlf. 906 18 577

Slik verkar det

Reint teknisk kan det nye systemet forklarast slik:
Les meir

For fiskaren:

Her finn du som tar prøver informasjon om:

  • Prøvetaking
  • Fangstdagbok
  • Pakking, emballasje og merking
  • Levering til landanlegg
  • Informasjon til mottaksanlegga

Les meir