Hopp til hovedteksten
Sorterer for harde livet
Teknikerne Valantine Anthonypillai og Øyvind Tangen sorterer makrell og sild for harde livet etter et stor trålfangst sør av Jan Mayen.
Foto: Leif Nøttestad
Utskriftsvennlig versjon

For fiskaren

Prøvetaking:
•    Vi ynskjer prøver frå enkeltfangstar (notkast, trålhal, ...) og ikkje frå fangst i rommet. Når det gjeld sild blir den alderslest ved å analysere fiskeskjel (risp) og ikkje øyresteinane som er vanleg for anna fisk. For at resultatet skal bli godt, må ein ha minst mogeleg handtering av fisken. Reint praktisk vil det sei at vi ber om at prøven vert teken tidleg i fangstprosessen, når ein startar å pumpa om bord frå eit kast.
•    Ein prøve er i denne samanhengen omtrent 20 kg som ein tek til side. Prøven kan oppbevarast i ein stamp e.l. inntil vidare. Vanlegvis vil vi at fisken som ein tek ut skal vera tilfeldig valt frå heile fangsten, men når det gjeld sild er det viktigare at den blir teken ut i starten. Prøven kan godt vera den same som sortimentsprøven ein tek til Sildesalslaget.
•    Vi ber altså om at denne prøven vert oppbevart inntil svar frå «lotteriet» blir motteke (sjå neste punkt). Dersom det går meir enn 1 time før svar vert motteke kan prøven kasserast.

Fangstdagbok
•    Vi forutset at avgangsmelding er sendt som vanleg og at fartøyet er bedt om å delta på prøvetakingsprogram på inneverande tur. Tilbakemelding på dette får ein via fangstdagboka.
•    Start fangst (hal) og slutt fangst (hal) blir registrert på vanleg måte i fangstdagboka. Det som startar «lotteriet» er at slutt fangst vert registrert og at art og kvantum vert registrert i dagboka. Når dette er registrert går ein automatisk melding til HI sitt «sildelotteri» og svar vert sendt tilbake til fangstdagboka med ein gong. I dei aller fleste tilfelle tek det under 10 minutt frå fartøyet sender meldinga til svar frå HI er motteke. Dersom svar ikkje er motteke innan 1 time kan fangstprøven kasserast.
o    Svaret er enten JA … eller NEI …
•    Det er viktig å merka seg at denne nye meldinga som går til Havforskingsinstituttet er førebels, og ikkje pålagt å senda inn. Eventuell korrigering av fangstkvantum til den offisielle fangstmeldinga (DCA) som vert sendt før midnatt kan gjerast i ettertid.

Pakking, emballasje og merking:
•    Dersom svar på «lotteriet» er JA ynskjer vi at prøven som vart teken vert pakka, merka, frosen og levert til landanlegg ved passande høve.
•    Når det gjeld pakking, så kan ein bruka den emballasjen ein har som er eigna til dette. Vi treng ein prøve på minst 10 kg for NVG sild og minst 15 kg for Nordsjøsild og Skagerraksild, men gjerne 20 kg dersom det passar. Vi har sendt ut ein del 10 kg kartongar merka spesielt for dette føremålet, men det går fint å bruka vanlege 20-25 kg kassar som industrien brukar.
•    Det er viktig å ha passande emballasje om bord.
•    Det er veldig viktig at prøven blir merka godt. Bruk gjerne etikettane vi har sendt ut, og skriv på med vassfast tusj. Etikettane er også lagt ved sist i dette dokumentet og på www. hi.no/fangstprover  for nedlasting. Fangstopplysningsetiketten må plasserast på kortenden på kassen. Bruk gjerne klar pakketape til å feste etiketten om den ikkje sit godt fast, eller skriv direkte på kassen. Det er viktig med ein eintydig referanse til fangstdagboka slik det er vist i vedlagt etikett.
•    Legg prøva i frysaren til den vert levert til eit landanlegg. For mindre fartøy som ikkje har plass til frysing, vil prøven ofte kunna lagrast fersk. Dette gjeld i vinterhalvåret, og dersom det er kort tid til levering på landanlegg eller til føringsbåt med frysekapasitet.

Levering til landanlegg:
•    Dei aller fleste mottaksanlegga har sagt seg villige til å ta i mot disse fangstprøvene og oppbevare dei på frys for seinare vidaresending til HI.
•    Prøva skal ikkje leverast til utanlandske mottak, men takast med vidare til neste lossing på eit norsk mottaksanlegg.

For mottaksanlegga:
•    Jobben til mottaksanlegga vil vera å ta i mot fangstprøvar frå fartøy som leverer fangst, og å oppbevara prøvane til dei kan sendast til HI
•    Prøvane kan sendast til HI ved eit passande høve eller etter avtale.
•    HI har fraktavtale med «Kyst1» som tek seg av alt det praktiske. HI sender ut fraktbrev før transport.