Hopp til hovedteksten
Flekksteinbit

Artsdatabasen for fisk

Forskarane undersøkjer kvart år status for dei viktigaste fiskebestandane i norske farvatn. Bestandsstorleiken byggjer på resultat frå eigne tokt, forsking og fiskeria. Observasjonar frå publikum er også ein viktig del av forskarane sin kunnskapsbase, spesielt den som gjeld fisken som finst langs kysten.

I sum reknar forskarane med om lag 300 kjente fiskeartar i norske område. Av desse lever 257 i saltvatn og 42 i ferskvatn. Av saltvassartane er det berre kring 177 artar som vi kjenner til som reproduserer i norske farvatn.
Når ein yrkes-eller hobbyfiskar får ein ukjent eller sjeldan art i fangsten, er Havforskingsinstituttet ein naturleg plass å venda seg. Ofte kan fiskebiologane artsbestemma ein fisk basert på bilete og skildring. I nokre tilfelle treng dei å undersøkja den aktuelle fisken…

les mer

Fakta om Artsdatabasen for fisk

Havforskingsinstituttet, Artsdatabanken og Norsk Zoologisk Forening samarbeider om ei nettside for artsobservasjonar av fisk. Publikum vert oppmoda om å rapportera alle sine fiskefangstar, spesielt uvanlege artar som dei ikkje får kvar dag. Observasjonane vert kvalitetssikra av Havforskingsinstituttet (marine artar, anadrom og katadrom fisk) og Norsk Zoologisk Foreining (ferskvassfisk). Den kunnskapen forskarane tileignar seg frå artsfunna vil bli presentert ut igjen til publikum.

For å bidra:
Registrer deg på www.artsobservasjoner.no/fisk/. Her får du også framgangsmåte og tips for korleis du skal rapportera funna dine og korleis du kan nytta data som alt ligg på sida.
 

Kontaktpersoner

Kjell Nedreaas
55 23 86 71
99 53 85 49
Otte Bjelland
55 23 86 03
90998192