I sum reknar forskarane med om lag 300 kjente fiskeartar i norske område. Av desse lever 257 i saltvatn og 42 i ferskvatn. Av saltvassartane er det berre kring 177 artar som vi kjenner til som reproduserer i norske farvatn.
Når ein yrkes-eller hobbyfiskar får ein ukjent eller sjeldan art i fangsten, er Havforskingsinstituttet ein naturleg plass å venda seg. Ofte kan fiskebiologane artsbestemma ein fisk basert på bilete og skildring. I nokre tilfelle treng dei å undersøkja den aktuelle fisken nærare før dei kan gje eit sikkert svar.
Korleis kjem dei hit?
Innrapportert framandfisk kan ha hamna på våre breiddegrader av rein slump; tilfeldigvis ført nordover med straumen eller i ballast frå utanlandske skip. Det kan også handla om ein einskild årsklasse som har tatt seg til våre strøk godt hjelpt av gunstige havstraumar. I andre tilfelle kan hyppige observasjonar vera teikn på meir grunnleggjande endringar. Spesielt i eit klimaperspektiv kan omfattande observasjonar av framande artar – og tilsvarande færre av lokale artar – seia noko om mulige varige endringar som følgje av høgare sjøtemperaturar
Dreiing i fiskefaunaen
Når vatnet vert varmare er det lettare for sørlege artar å etablera seg hos oss. På sikt kan desse artane skapa ei dreiing i fiskefaunaen. Er det til dømes snakk om potente predatorar og dei i tillegg aukar i omfang, kan det få konsekvensar for lokale fiskestammar. Dei kan enda som mat for nykomarane eller dei må i større grad konkurrera om føda. I ytste konsekvens fører innvandra artar til varige endringar i økosystemet.
Eit sikkert rapporteringssystem for fisk, slik det no er lagt opp til i samarbeid med Artsdatabanken og Norsk Zoologisk Forening, gjev forskarane meir kunnskap om kystbestandane generelt. I tillegg får dei eit større datagrunnlag å lena seg på når dei skal vurdera om auka omfang av framande artar er eit uttrykk for tilfeldige besøk, eit kortvarig oppsving eller meir langsiktige endringar.
