Innleiande forsøk med produksjon av steril torsk viser lovande resultat med tanke på redusert kjønnsmodning og tilsynelatande lik vekst som den vanlege torsken. Kan slik torsk nyttast i kommersiell produksjon, vert også problemet med genetisk påverknad på villfisken på grunn av røming og gyting i merd redusert.
Steril torsk
Torsk kan bli gjort steril ved å utsetje befrukta egg for høgt trykk til rett tid. Då får fisken eit ekstra sett med kromosom, og vert det ein kallar triploid. Ein triploid organisme har tre sett med kromosom, i motsetnad til ein diploid (vanleg) organisme som har to sett, elles er dei genetiske eigenskapane dei same. Triploide organismar vert særleg brukt i landbruket, for m.a. å få fram sterile dyr og plantar. På kontinentet vert metoden også brukt i produksjonen av regnbogeaure. I Noreg og Skottland har vi også nye spanande resultat med steril triploid laks. Hos torsk kan ein indusera triploidi ved å halda egga under høgt trykk i 5 minutt, rett etter befruktning om lag på same måte som med laksefisk.
Produksjon av triploid yngel
Våren 2010 vart det produsert triploid torskeyngel ved Havforskingsinstituttet sin feltstasjon Parisvatnet i Øygarden. Det var første gong i verda at dette vart gjort i stor skala. I juli 2010 vart ca. 140 000 av denne yngelen overført til Gulen Marine Farm i Sogn og Fjordane for uttesting under realistiske oppdrettstilhøve. Dette blir gjort gjennom eit forskingsprosjekt delfinansiert av Innovasjon Norge. I dette prosjektet skal produksjonsparameter som vekst, dødelegheit, deformitetar og kjønnsmodning hos triploid og diploid torsk samanliknast.
Ved prøvetakinga i mai 2011 hadde fisken som då var litt over eit år gamal ei gjennomsnittleg vekt på 338 gram, vekta hadde nok vore endå høgare hadde det ikkje vore for den kalde vinteren i år. Nesten ingen deformerte fisk vart observert. Fisken som vart sett ut i anlegget var ei blanding av triploid og diploid fisk. Dei triploide individa har større celler enn dei diploide, og ved å måla storleiken på blodcellene kan ein skilja triploide og diploide individ frå kvarandre. Sjølv om dei diploide individa per i dag ser ut til å veksa litt betre enn dei triploide, er det rimeleg å venta at denne forskjellen vert jamna ut når dei byrjar å bli kjønnsmodne.
Alt i alt er dette svært lovande resultat, og vidare prøvetaking fram mot slakting sommaren 2012 vil visa om triploid torskeyngel kan bli framtida for torskeoppdrett.
